06.05.2014

Romantisk versjon av “Barn igjen-kjolen”

Boka “Barn igjen” kom på salg, og eg kjøpte den for å sy av “Singoallakjole”-mønsteret var ein slager i symiljøet for nokre år sidan. Dette er ikkje testkjolen, den fyrste kjolen har eg visst gløymt å take bilete av. Kjem kanskje etterkvart…

Kjolen er heil-fôra. Kappa nedst er lagt på i lengda i høve til opprinneleg kjolelengde, eg fekk inntrykk av at kjolen var litt kort. Kva for erfaring har de andre med lengda på mønsteret? (Kjolen er sydd i str. 116).

Stoff: Ytterstoff var restestoff kjøpt i ein tysk nettbutikk for fleire år sidan. Kappa og ermane er av Tilda-Stoff frå Panduro. Fôret er tynn bomull frå Midha Enterprice Oslo. Mellomverk kjøpt på ein butikk i Fargerike-kjeden.

2 kommentarer:

  1. Den var kjempesøt. Elsker sånne romantiske kjoler. Dessverre så kan jeg ikke si noe om kjolelengden da jeg ikke kjenner mønstrene fra den boka! Du kom deg fint i mål med en smart finish i hvertfall! BRAVO. Det er alltid gøy og inspirerende å se hva du lager!

    Og, ja, takk for sist forresten, Det var så hyggelig på treffet sist mandag:)

    Klem fra Solveig

    SvarSlett
  2. Takk for sist, ja, veldig hyggeleg :-) Denne kjolen blei "stoppa i kvalitetskontrollen", mannen min syntest den såg altfor sekkeaktig ut (noko eg også kunne seie meg einig i), så då vi skulle i selskap i går, spurte han om eg ikkje kunne finne eit band/belte til å feste rundt. Eg fann ei bonde i full fart, knytte rundt i empire-livhøgde, og det blei mykje betre :-)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...