09.05.2014

Ein HS&J-kjole til :-)

Niesa vår fylte 6 år nettopp, og etter å ha sydd ein kjole frå Heilt Spesiell og jubel-boka, og syntest møsnteret var flott, blei det ein kjole til!

Stoff: Kattejersey frå Stoff og Stil. Den raud-rosa ribben er også derifrå (eldre type, den nye typen har eg ikkje prøvd ennå). Det lilla stoffet i berestykket er bomull/bambus-interlock frå Strømming Design. Ribben nederst trur eg er kjøpt hjå Jydsk Stoflager.

9 kommentarer:

  1. Wow, der Stoff ist der Hammer! LG
    KArin

    SvarSlett
  2. Thanks, karito and Sandra! I have not spent much time blogging in english lately, but you inspire me to do so again :-) Thanks for visiting!

    SvarSlett
  3. Åh, nydelig kjole! Jeg drømmer om å sy lignende kjoler til min datter. :) Jeg antar at det er vanskelig å sy en slik kjole? Hvilke mønstee og stoffer anbefaler du for en totalt utvitende wannabe newbie syerske? :)

    SvarSlett
  4. Hei, Monica! Vanskeleg å sy ein slik: Ja, tja, nei...Det som avgjer om det er vanskeleg er fyrst og fremst kva for maskiner ein har, men som nybyrjar har ein vanlegvis berre éi maskin, ei vanleg symaskin. Ein slik kjole er ikkje det enklaste nybyrjar-prosjektet fordi stoffet er såpass elastisk, men umogleg er det absolutt ikkje :-) Her er link til boka eg har sydd frå: http://www.adlibris.com/no/product.aspx?isbn=8205432023, boka er faktisk på salg nå også... Dei har litt basic sy-info i starten av boka, trur kanskje dette også passar for dei som er heilt ferske. Eg har sydd kjolen i jersey, samme type stoff som eg såg du hadde ein Dalahestkjole av på bloggen din. Det lilla stoffet øverst er interlock (sjå nedanfor) i staden for jersey, men det var berre fordi eg ikkje hadde jerseystoff som passa i fargen. Om du syr ein kjole som denne i interlock, er det mykje lettare å sy, interlocken strekkjer seg ikkje så mykje hit og dit som jerseyen gjer. Pass uansett på at du har nåler som er berekna for stretch-stoff. Og at du vel ein saum på maskina som er berekna for strech-stoff, dvs at tråden på noko vis går i sikksakk, slik at ikkje saumen ryk når stoffet blir strekt. Her er link til eit innlegg der eg nyleg skreiv om forskjellen mellom jersey og interlock: http://logleg.blogspot.no/2014/05/bodyar-og-nokre-ord-om-interlock-vs.html. Framgangsmåte for å sy kantane i halsen og ermeutringingane utan spesialmaskin fin du her: http://logleg.blogspot.no/2011/06/tutorial-ribbkantar-utan-coverstitch.html

    Om du heller vil sy av vevd stoff, er det lettare å sy i, men blir ein litt annan type kjole. Eit mønster some r veldig populært, er i boka "Barn igjen". Google "Singoallakjole" om du vil sjå kva for slags kjole det er snakk om, så tippar eg du får plenty av treff. Lykke til!

    SvarSlett
  5. Hei igjen! :) Tusen hjertelig takk for langt og informativt svar, så snilt av deg. :) Oida, jeg kjøpte boka på en lokal butikk i dag til full pris.... Hehehe alltid så rask på avtrekkeren jeg. ;) Jupp jeg har oppdaget flere av stoffene på kjoler som jeg har kjøpt av danske klesmerker/designere. Jeg håper en vakker dag å kunne sy lignende kjoler til meg selv med artige stoffer, jeg elsker farger og såkalte barneprint på kjoler til voksne. ;) Jeg håper jeg klarer å sy i jersey eller interlock stoff, liker slike kjoler. :) Jeg liker også kjoler i bomull (gjerne skjortekjoler). Har planer om å ta et sykurs eller flere til høsten. :) skal sjekke ut tutene dine. ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Den vakre dagen kan kome fortare enn du trur, om du fyrst blir bitt av sybasillen! Og det er fort gjort å bli bitt av den :-) (I 2008 kunne eg telle på ein til to hender kor mange plagg eg hadde sydd i mitt liv, nå er situasjonen ganske annleis :-D) Men eg trur det er vanskeleg å bli bitt av sybasillen heilt aleine, så eg vil råde deg til å joine nokon form for nettforum. Sjølv har eg tidlegare vore mykje på Sykroken.net, elles er det mange likesinna som er å finne på Facebook-gruppa "Vi sygale". Det finst også andre fora på nett, innanfor og utanfor Facebook.

      Slett
    2. Ja, jeg har allerede registrert meg på sykroken og meldt meg inn i FB gruppene Vi sygale og voksne sygale. :) Tar gjerne imot tips om flere fora også :) Om jeg ikke er bitt av sybasillen helt enda, så er jeg i alle fall hekta på stoff!! :) Det var alle de fantastiske stoffene som fristet meg til å prøve å sy selv. Da får jeg jo plaggene i stoffer som jeg elsker. :)

      Slett
  6. Den var fin! HS&J har noen modeller som er helt supre!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...