21.01.2014

Kjolen som blei akkurat som den skulle!

DSC_0113bkvit

Kjole str. 6 år: Den skulle ha krage, og eg har bruka ganske så lang tid på å spekulere ut korleis eg skulle teikne mønsteret til kragen, sidan eg ikkje kunne finne slik krage i nokon av mønsterbøkene mine. Og så blei det akkurat slik eg ønskte meg, juhuuuu! Litt sånn 60-talls feeling? (eller er det 50-tall? Er ikkje kjempestø på motehistorikken :-)

Kjolen er sydd av tykk, deileg  og stretchy krinkelull med glittertrådar i. Frå Janus. Når eg ser på den, får eg litt assosiasjonar til supersyntetisk vintage-stoff, og så gjev det ei veldig god kjensle å tenkje på at dette er EKTE ULL, mjuk og god!

DSC_0115kvit

 

Eit full fart-foto, med litt av rotet litt krampeaktig rydda opp i Photoshop i etterkant (små barn, seize the moment):

Ganske tilfeldig, har minstejenta på seg den redesigna kjolen ho har arva etter storesyster. Desse kjolane liknar nokså mykje på kvarandre (den ljosebrune ullkjolen kan du lese om her). Kragen eg sydde i dag er fôra, medan den gamle kjolen er sydd av ein høghalsa damegenser, der kragen er rulla utover og sydd på for hand i nedre kant. Men sluttresultatet liknar. Og ermekantinga er veldig lik.

Mønster, turkis kjole: Eige (samme mønster som “alle” A-form-kjolane som det står eige mønster på, men nå altså med krage i tillegg). Vanlegvis kantar eg eg ermeutringinga med ribb, og klipper ingen saummonn her. Eg har heller ikkje lagt til saummonn denne gongen, men latt den ytterste cm’en vere saummonn samtidig som ferdig kant er 1 cm. Når eg klipper ei 4 cm brei remse til kanting, brettar på langs vrange mot vrange og syr på med éin cm saummonn, går alt opp i opp.

Materiale: Krinkelull frå Janus. Og berre det. Ikkje ofte eg berre brukar eitt stoff!! Og ja, så har eg forresten brukt ein liten bit vinyl transfer som storleiksmerke (eigentleg fyrst og fremst markør for kva som er bak på kjolen).

I spend quite a lot of time  thinking over how to draw a collar that is not split at the front, and is somwhere in the middle between a polo neck and a Peter Pan collar. Something with volume. And I made this dress, and am very happy about the result! It is made of a wonderful, stretchy wool fabric from Janus.

2 kommentarer:

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...