15.09.2013

Gratulerer med flott bok!

I helga var det bokfestival i Oslo, og ein del av arrangementet var sy-workshop på Gyldendal-huset og lanseringa av boka til Kristin og Ane:

“Heilt Spesiell og Jubel: Sy glade klær til glade barn” 

Heilt Spesiell og Jubel sy glade klær til glade barn av Kristin Thorsnes og Ane Sund, redaktør Ann Kristin Nås Gjerde

På biletet over: Til venstre redaktør Ann Kristin Nås Gjerde, ved sida av forfattarane Kristin Thorsnes og Ane Sund (sitjande).

Isabell (på Sykroken.net kjent som RubberDuck) tar klede og bok i nærare augesyn. Her er ingen skeive saumar å finne og boka er kjempeflott!

Eit kjapt, oppstilt bilete til blei det også tid til:

Frå venstre: Isabell og Anne Kristin (heiagjeng frå Sykroken.net), og boklansørane Kristin, Ane og Ann Kristin

Boka er så inspirerande at eg ikkje klarte å la vere å sy i går kveld og i dag tidleg, og her er eit preview av resultatet:

tøffing-bukse og genser sydd etter mønster fra Heilt spesiell og Jubel Sy glade klær til glade barn

Det står att å seie:

Gratulerer Ane, Kristin og Ann Kristin, bra jobba!

1 kommentar:

  1. Takk for igår og for koselig innlegg her på bloggen. Håper vi ses på symessa!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...