14.03.2013

Toppar frå Ottobre 1/2013

DSC_0060 copy

I siste fødselspermisjon teikna eg mykje mønster, men nå er det ikkje tid til det lenger. Derfor blei eg glad då siste Ottobre hadde mønster på smal, enkel genser. Eg har prøvd det ut, og det var akkurat slik eg håpa. Eg sydde genseren i str. 5 år, og då blei det passeleg inntilsitjande til mellomstejenta, som brukar str. 5. Ikkje pølseskinn, men heller ikkje laustsitjande. På smale barn vil nok genseren bli meir laustsitjande. Om den blir for laus, kan ein gå ned ein storleik neste gong, og leggje til litt i lengda på armar og nedst på genseren.

Etterpå sydde eg to singlettar frå samme blad, sydd i bomullsjersey. Dei blei gitt vekk, for dei blei litt i smalaste laget til mi jente. Mønsteret er meint for interlock, og då ville toppane passa mykje betre, sidan interlock føyer seg betre etter kroppen. Syteknisk fekk eg til å kante over ribbkant med kantebandsapparatet. Men singlettane blei litt skeive framme, fordi kantebandsapparatet har streva med  å kome over kanten og dermed strekt ut stoffet litt. Dermed har avstanden frå armhola fram til stroppen blitt ulik på dei to sidene, sidan dei to sidene kantast frå ulike retning.

DSC_0062

Mønster: Ottobre 1/2013
Stoff: Jersey, begge designa av Johanna Ahlard, for Liandlo og JNY. Ribb frå Stoff og Stil.

1 kommentar:

  1. Så fine klede!Koseleg stoff på genseren. Tenkte eg skulle prøva med på nokre singlettar fram til sommaren, har kjøpt mønster frå stoff og stil, så får eg sjå korleis det vert.
    Ha ein flott dag!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...