30.08.2011

Bambus-genser str. 3 år

Storejenta på snart tre år er i ferd med å vekse ut av bodyane sine, sydd i str. tre år. Det er på høg tid å slutte med bodyar nå, men kva skal ho bruke som undertøy i staden for? Snart vinter, blir det berre ull, tru? Folk skryt så mykje av bambus-stoff, blant anna skal stoffet ha gode varmeregulerande eigenskaper, liknande ull. På tide å sy av bambus-stoffet som har lege uprøvd i stoffhylla ei stund! Dermed blei det ein relativt tettsitjande genser i bambus-interlock, som kan brukast både som undertøy og som vanleg genser.

DSC_0823k

Mønster:

Eg har brukt bodymønsteret i str. 3 år, men lagt til litt i lengda på armane. Interlock er nokså tøyeleg og føyer seg fint etter kroppen i breidda, så det er heller lengda på plagget, og ikkje breidda, som avgrensar kor lenge plagget kan brukast.

Halsutringinga:

Denne gongen sydde eg på halsribben som ei remse utan å sy den saman til ein ring fyrst, som eit forsøk på å spare tid. Eg sydde fyrst høgre skuldersaum, deretter sydde eg på halsremsa rette mot rette frå andre skuldra og rundt. Eg hadde på førehand målt opp og sett merke i ribben for høgre sidesaum, midt for og midt bak etter samme metode som her. Resultat: Skøyten i venstre skuldra blei litt for markert, og eg sparte i grunnen berre tida å sy remsa saman til ein ring, og det tar ikkje mykje tid. Tilbake til gamlemetoden heretter, tenkjer eg.

DSC_0824

Stoff:

-Bambusinterlock frå Strömming Design, kjøpt hjå CeTho. (70% bambus, 30% bomull)
-Ribb frå Stoff og Stil (bomull)

DSC_0822

4 kommentarer:

  1. Kjempefin genser i herlig stoff :D

    SvarSlett
  2. Kjempeflott genser i lekker farge!

    Jeg lurer på hvordan du organiserer mønstrene dine? De du selv lager- hva du lager dem i og hvordan du oppbevarer dem? Har du noen gode tips?

    SvarSlett
  3. Tusen takk for koselege kommentarar!

    Kristin: Hittil har eg teikna grunnmønstera etter instruksjonane i mønsterbøkene på barne-teiknepapiret IKEA sel på rull. Det er eigentleg eit elendig teiknepapir mtp. å spare på barneteikningar, for det gulnar med ein gong det kjem litt sol på det. Men gulna mønster gjer ingenting... Eg teiknar med blyant undervegs, og teiknar over med tynn tusj linjene ¨på det endelege grunnmønsteret. Når eg teiknar vidare, brukar eg Stoff og Stil sitt mønsterpapir (20 meters rull) utan rutenettverk, legg dette oppå IKEA-papiret, evt. klipper eg opp Stoff og Stil-mønsteret undervegs og teiknar på eit tredje papir oppå der att. Ferdige grunnmønster og ferdigteikna mønster har eg i plastlommer i ringpermar.

    SvarSlett
  4. Fin gensar i herleg stoff!
    Eg har forresten nett sydd babybukse i same stoff og ribb :)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...