04.05.2012

Ny bukse med tre liknande fargar

Buksemodellen skulle hatt eit namn som sa noko om korleis den ser ut… Eg kjem ikkje på noko for øyeblikket, kanskje nokon har forslag? Anyway, fyrst sydde eg denne, og eg  blei så fornøgd med modellen at nå som vi skulle i fireårsdag til ei niese, så måtte eg sy ei bukse til. Men ho elskar rosa, så dét blei det:

DSC_0855f

DSC_0838

Speilrefleksen vår har stadig vanskar med å gjengje raudtonar. På det øvste biletet har eg prøvd å fikse bittelitt i etterkant, men heilt bra blir det ikkje. Det nederste stoffet trur eg er mest realistisk framstilt på det øvste biletet, medan stripa i midten er best på det nederste biletet.

Eg har funne ut at det er moro å utfordre fargar ved å kombinere nyansar som ligg nært kvarandre. På buksa over var dei to nederste fargane så nære kvarandre, og likvel så ulike, at det skurra litt. Men då den ljoserosa kom på, var det akkurat som den roa det heile ned. Herleg!

Eg lika den fyrste modellen i brent oransje og raudt så godt at eg har brukt dei to siste dagane til å lage ein kopi til meg sjølv! Eg gløymde å take bilete av den medan det framleis var dagsljos i dag, men etterkvart dukkar den nok opp på bloggen:-)

Mønster: Eige
Stoff: Frå toppen: Ribb frå Stoff og Stil, rosa velour Stoff og Stil, raud velour, var vel også Stoff og Stil, meiner eg, raudrosa velour frå Rainbow tekstil.

5 kommentarer:

  1. Så stilig bukse.

    Et tips for å få riktig farger når du tar bilder er å få med noe annet i bildet også slik at fargene blir mer balansert i linsa. F.eks henge buksa over en stol. En fargerik kleshenger. En eller to andre farger gjør det lettere :)

    SvarSlett
  2. Eg likar så godt buksene du lagar på denne måten :) Spennande og artig effekt :) Namn....hm....det er eg ikkje god på:) Men buksa minner om godteri :)
    Legg du stoffet samme vegen ?
    Gleder meg til å sjå di bukse :)

    SvarSlett
  3. Det var en fin gladbukse! God helg fra Gulltann:)

    SvarSlett
  4. Takk for tips, I en Sving!
    Trastungen: Eg legg stoffet samme vegen, ja, med luven/busta vendande oppover. Nå har eg akkurat lagt ut vaksenbuksa i innlegget rett etter dette, på den er velourstripa rundt kneet klipt på tvers i høve til det andre stoffet, så det er tøyeleg i lengderetninga i staden for på tvers, sidan stoffet ligg rundt knebøyen.

    Tusen takk for koselege kommentarar!

    SvarSlett
  5. Ja no har eg vore inne å kikka på di bukse også! Kjempe fin. Den sitter jo så bra! Likte dei :) Ha ein nydelig dag! No er det bunadspåkledning her i heimen.....:)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...