I dag fekk eg omsider sydd i knappar til desse “booties’ane”, etter at dei har lege ferdighekla i fire månader…
Saman med ei lue, var vel desse det fyrste hekleprosjektet eg hadde, etter at eg fekk meg ei hekle-lærebok i jolegåve sist jol. Og med dette prosjektet lærte eg veldig, veldig mykje:
-Heklefastheit/gauge: Eg starta med for tykt garn, og byrja på nytt etter å ha kjøpt nytt garn…
-Sjølve maskene: Ho som har laga oppskrifta har lagt ut videoar på korleis ho heklar, steg for steg. Til uvurderleg hjelp for meg som ikkje visste kva ein stav var for noko!
-Fylgje ei oppskrift: Eg hekla og rekte opp, hekla og rekte opp, telte og telte… Etter kvart byrja eg å skjøne korleis ein skal lese hekleoppskrifter, og det var også med hjelp frå videoane til mønsterforfattaren. Men det var fyrst då eg kjøpte maskemarkørar, små plast-dingsar til å hekte på maskene for å markere til dømes fyrste maske på runden, at eg verkeleg byrja å få det til.
-Hekle tredimensjonale former: Hadde eg ikkje hekla desse skoa, hadde eg ikkje klart å hekle hunden etterpå…
Skoa passar til minstejenta nå framover, typisk nå når sommarvarmen akkurat har kome… Er eg heldig, passar dei litt i haust også. Alt i alt var ikkje dette det beste nybyrjar-prosjektet, kanskje, men det var veldig lærerikt.
Mønster: “Baby Garden Boots” frå The Lovely Crow på Etsy. Eg trur eg hekla i str. 6-12 mndr. Dei passar nå når ho er ca 10 månader, så det ideelle var nok om eg brukte litt tynnare garn (/heklenål).
Garn: Merino-ull frå Stoff og Stil
Du lager så masse fint, og er til stor inspirasjon, så jeg har gitt deg en award. Den ligger i bloggen min.
SvarSlettGunn Astrid, utruleg koseleg at du tenkte på meg, tusen takk!
SvarSlett