Minstejenta, som nå er 16 månader gamal, hadde vinterdress, men jakka ho brukte i haust har blitt for liten og for kald. Så då tenkte eg at eg skulle sy ei jakke. Det er gøy å sy barnejakker! Av dei syprosjekta som eg har brukt mest tid på og lagt mest flid i, har mange av dei vore ytterjakker. Av samme grunn er det ikkje så ofte eg syr dei…
Denne jakka er sånn middels forseggjort samanlikna med fleire andre jakker ag har sydd (til dømes jakka i headeren). Middels fordi eg har gjort nokre forenklingar i fôringa. Om du har lyst til å lese meir om korleis eg har sydd, jakka, kan du lese nedanfor.
Mønster:
Ottobre 4/2004
Stoff: Mønstra poplin frå Hilco, einsfarga poplin frå Stoff og Stil. Fôr av ullfilt frå Stoff og Stil. Tynn ullribb frå ein lokal forhandlar av ullklede. Teddy-stoff kjøpt frå Marthas frisør- og idéstue i Lyngdal. Knappar og refleks-biseband frå Stoff og Stil.
Litt om laginga av jakka:
-For å gjere jakka raskare å sy, laga eg fôr og ytterstoff i prinsippet like, dvs at eg eg lot vere å ha belegg midt framme, og eg hadde heller ikkje nokon oppbrett av ytterstoff i ermar eller nedst på jakka.
-“Ytterstoff-jakka” blei montert for seg, inkludert kragen på ytterstoffet, og “fôr-jakka” blei montert for seg, inkludert teddy-kragen med hempe mellom.
-Fôret monterte eg rette mot vrange i skuldrar og ved montering av ermar på resten av jakka, for at det ikkje skulle bli så tykke saumar med ullfilten. Eg hadde allereie klipt 1 cm saummonn overalt, så eg la stoff-delane så det blei 1 cm kant på kvar side av saumen, og klipte saummonnen ned etterpå. Meir om å sy rette mot vrange i ullfilt her. Den langsgåande ermesaumen og sidesaumen på fôret sydde eg i éin saum rette mot rette, sparte vendeopning i den eine sida.
-Før eg monterte fôr og ytterstoff saman, sydde eg på ribb på ullfilten med sikksakk. (Eg tenkte at det kunne vere greitt med litt ribb for å få ein viss bremsing av vind…)
-Deretter la eg retta på ytterjakka mot retta på fôret og sydde langs heile kanten; ned framme, kanten nedst, opp framme og rundt kragen.
-Etter å ha vrengt jakka til slik den skulle vere, henta eg ut ermane ein etter ein gjennom vendeopninga og sydde fôr til ytterstoff. Litt om vrangsying står det her.
-Til slutt sydde eg att vendeopninga.
Om kragen: Eg ville heller ha krage enn hette. Eg klipte ytterstoffet på kragen som eit rektangel med langside like lang som halsopninga på jakka, slik at kragen endte kant i kant med jakkekanten framme (sjå øvste biletet om det var kronglete forklart…) Eg ville at teddyfôret i kragen skulle rulle seg litt utover. Så teddy-fôret blei ikkje klipt som eit rektangel, men som ein firkant der den øvre kanten var konvekst boga langs heile sida. Midt bak var breidda på teddyforet ein centimeter eller deromkring breiare enn ytterstoffet. Breidda på ytterstoffet var 3,5 cm, som viste seg å vere greitt.
Sluttkommentar:
Jakka skulle eigentleg vere kåpe, men den er veldig vid samanlikna med lengda, så det blei meir ei jakke, synest eg. Ottobre er i grunnen kjent for å lage vide mønster. Ullfilt som fôr er nok varmt, men eg er usikker på kor slitesterkt det er. Eg har ei kjensle av at det ikkje er så slitesterkt, men det vil vise seg. (Andre som har erfaring med slitestyrke på ullfilt?). Tidlegare har eg gjerne ikkje tenkt på å sy på refleks på barnejakkene, men det er jo eigentleg veldig viktig, og denne gongen hugsa eg det! Så er det dumt at eg har gått tom for den mønstra Hilco-poplinen, dette var siste rest. Den er så fin at den blei brukt på vinterjakke sjølv om motivet ikkje eigentleg er så vinterleg. Eg hadde ikkje nok til heile jakka, så det er derfor ermane har fleire stoff :-)