28.09.2011

Pattern Drafting Litterature

Bøker om mønsterkonstruksjon- kva finst?

Utgangspunkt: Éi hand på PC’en medan eg ammar mitt snart to månader gamle barn (hyppige måltider - mykje tid til å surfe nettet og lese bokomtaler ;-) ). Sjølv har eg berre litt erfaring med mønsterkonstruksjon, hovudsakeleg barneklede, så eg tør ikkje fortelje folk kva for ei bok dei bør velje.
Du er velkommen til å leggje att ein kommentar om du kjenner til bøkene på listene her, eller har tips til andre bøker om mønsterkonstruksjon!

Vaksenklede (barneklede lenger nede i innlegget):

-Winifred Aldrich: Metric Pattern Cutting for Women's Wear
-Winifred Aldrich: Metric Pattern Cutting for Menswear
-Connie Amaden-Crawford et al: Patternmaking Made Easy
-Helen Joseph Armstrong: Patternmaking for Fashion Design
-Halldis Berg: Mønsterforming (erstattar “Søm – mønsterkonstruksjon og tilskjæring”)
-Teresa Gilewska: Pattern-drafting for fashion: The Basics
-Teresa Gilewska: Pattern-drafting for Fashion: Advanced
-Lee Gross: How to Draft Basic Patterns
-Rigmor Haugsand: Søm - Mønsterkonstruksjon og modellering
-Lori A. Knowles: The Practical Guide to Patternmaking for Fashion Designers
-Donald H. McCunn: How to Make Sewing Patterns
-Lucia Mors: Patternmaking in Practice: A step by step guide
-Lucia Mors: Basic Patternmaking in Fashion, til sals i Norge her.
-Nora M. MacDonald: Principles of Flat Pattern Design
-Cal Patch: Design-It-Yourself Clothes: Patternmaking Simplified
-Vittorina Rolfo et al: Designing Apparel Through the flat Pattern OBS: Brukast saman med “How to Draft Basic Patterns” av Lee  Gross
-Inger Öberg, Hervor Ersman: Mönster och konstruktioner för damkläder, dansk utgåve her.
-Inger Öberg, Hervor Ersman: Mönsterkontruktion - Härrkläder

Nokre kommentarar til lista over:

-Armstrong er aller mest brukt, verkar det som. Ei omfattande bok med generelt gode kritikkar, men nokon er også skeptiske til boka.
-Aldrich (dameklede) er også mykje brukt, nokon meiner den passar best for dei som har litt erfaring i mønsterkonstruksjon.
-McCunn: Klassiker, masse omtaler på Amazon.com
-Amaden-Crawford: Synest å vere ei grei bok å starte med
-Knowles si bok er ifylgje omtaler på Amazon ikkje eigna som oppslagsverk, men kan vere grei om ein ønskjer ei ekstra bok i tillegg til t.d. Armstrong eller Amaden-Crawford.
-Mors’ Basic Patternmaking in Practice får gode kritikkar, spesielt på konstruksjon av erme. Eg har ikkje heilt skjøna forskjellen på dei to bøkene hennar, det står noko om innehaldet i bøkene her.
-Patch: Inneheld denne instruksjonar for å teikne grunnmønster?
På Amazon.com er det mange bokomtaler som er nyttige å lese. Elles har eg også funne mykje informasjon ved å google, og då inkluderer eg gjerne to konkurrerande forfattarar eller boktitlar i søkjefeltet for å unngå at det berre kjem opp masse “bokhandel-treff”.


Konstruksjon av mønster til barneklede:

-Winifred Aldrich: Metric Pattern Cutting for Children's Wear and Babywear
-Helen Joseph Armstrong: Patternmaking for Fashion Design (altså samme boka som i lista over.)
-Vivianne Landström: Grundkonstruktioner med modellförslag till barnmönster

Aldrich går frå storleik 56 og oppover, medan Armstrong går frå str. 3 år. Landström går frå str. 80.


Bokhandlar:
www.amazon.com
www.capris.no
www.akademika.no

24.09.2011

Pattern Grading

Pattern grading vil seie å reprodusere eit mønster i andre storleikar. (Kva det heiter på norsk veit eg ikkje.)
DSC_1145
Eg har tidlegare teikna eit genser-mønster som eg er veldig godt fornøgd med, str. 5 år (Dei to grønne genserane i dette innlegget). Det er tid for å sy til årets jolemarknad, og eg kunne tenkt meg å ha mønsteret i fleire storleikar. Det fyrste eg tenkte på, var å teikne nye grunnmønster, men det tar unødvendig mykje tid. Eg fekk dessutan inntrykk av at “original draft” i Joseph-Armstsrong si bok, som eg hadde brukt i utgangspunktet, hadde ulike fasongar i ulike storleikar.

Så kom eg på at Aldrich har eit kapittel om pattern-grading.
DSC_1158
Eg skjøna ikkje denne metoden då eg bladde i boka like etter den hadde kome i hus.  Det er basert på forskjellige punkt med piler på mønsteret, og med instruksjonar som til dømes “2: Measure 6mm (7mm) hor. 1.2 mm (2mm) vert.” Grunnen til at eg misforstod i fyrste omgang, var at ein tar utgangspunkt i at mønsteret ligg på sida, som på biletet, og ikkje oppreist, med hals og skuldre øvst. Dermed blir lengdeaksen på mønsteret horisontal retning, medan breidda blir vertikalt, omvendt av det eg fann intuitivt.

For å teikne mønster i str. 6 år frå str. 5 år, skal det nye punkt 2 ligge der ein kjem når ein går 6 mm mot venstre og  deretter 1,2 mm opp, når mønsteret ligg som på biletet. Og str. 4 år blir 6 mm mot høgre og 1,2 mm ned. Tala i parantes gjeld for større storleikar. NB: Dette er berre eit døme, avstandane varierer frå punkt til punkt på mønsteret, frå storleik til storleik og det er ulike avstandar for ulike design.

Ein annan måte å lage fleire storleikar på, som boka også omtalar, er å teikne ein stor og ein liten storleik på samme ark, t.d. 3 og 6 år. Midtlinja er felles, og mønstera leggast i samme nivå nedst i armhola (punkt 5 på biletet over). Deretter kan ein teikne linjer mellom motsvarande punkt på dei to mønstera, og dele opp linjene i like store delar. I dømet nemnt over deler ein linja i tre ved hjelp av to punkt; eitt for str. 4 år og eitt for str. 5 år.

Nå har eg gensermønster i fire storleikar, og meir pattern-grading kjem det til å bli, på andre mønster som har fungert bra!

12.09.2011

Ufrivillig klovn, bukse str. 5 år

Ut av boksen på kneet på denne buksa sprett det opp ein klovn. Problemet hans er berre at han ikkje kan fordra å vere klovn, for han skvett til og blir forskrekka kvar gong han sprett opp av boksen, stakkars. Men ein gut blir i allefall glad for å ha han der likevel!
DSC_1062
Buksa framme:
DSC_1060
Og bak:
DSC_1066
Om mønsteret:
Teikna med hjelp frå boka til Winifred Aldrich. Lommer og knelappar på slump storleiksmessig (men to og to like store). Lange buksebein som er lagt opp ein del centimeter, og som kan leggast ned igjen. Med strikk i livet også, kan buksa brukast lenge, –om stoffet held, då.  Tutorial på ribben i livet finn du her.
Stikningar:
Lommer og lappar er sydd på med naturkvit dongeritråd frå Stoff og Stil.
Klovnen:
Eg teikna masse forslag til klovnar, men endte med ein veldig enkel variant; laga omtrent berre av ellipser. Sidan eg er usikker på om dette stoffet held meir enn to dagar i sandkassa, brukte eg samme tråden overalt på klovnen for å spare tid. Fjæra er av moulinégarn. Det samme er håret; etter å ha festa enden av garnet, kveila eg opp garnet på ein pinsett heilt inntil syfoten, to-tre slynger om gongen, la slyngene ned framfor nåla (open applikasjonsfot), og sydde over. Deretter nye slynger, heilt til det blei passeleg mykje.  Pupillane er sydd med ein saum på maskina som lagar fylte sirklar, men transportøren var ikkje nøyaktig nok på det eine auget, og det blei ei ellipse…
Klikk på biletet for større versjon.
DSC_1064
Tag på baklomme:
Ein liten bit av eit vevd band…
DSC_1067
Denne buksa er også eit bidrag i septemberutfordringa i denne bloggen: http://sy-utfordring.blogspot.com/

Mønster: Eige
Stoff og tilbehør:
-Kraftig lin frå Stoff og Stil
-Ribb kjøpt i Danmark
 -Klovnen: Raudt bomullsstoff til hovud, Stoff og Stil-ribb til auger, munnen hugsar eg ikkje. Moulinégarn frå Stoff og Stil.
-Vevd band med borg, Leanne.no
-3,5 cm breitt strikk, Stoff og Stil

Tutorial: Ribb med innlagt strikk i livet på bukse

Dette er min standardmetode for ribb i livet på bukser til småbarn. Eldstemann på 4,5 år klarer ikkje ennå  å lukke ein buksesmekk, og då er liv med ribb/strikk glimrande.
I korte trekk syast ribben på heilt ferdig før strikket blir tredd gjennom via ei opning som ikkje syast att etterpå. Dette gjev også enkel tilgang for seinare justering eller bytte av strikket.

DSC_1061
Lengde på (ferdigsydd) ribb og strikk:

På fleire cm brei strikk brukar eg barnets livvidde minus  10-15%, avhengig kor fast strikket er. (Dvs. gang livvida med 0,9 eller 0,85) Kjenn på strikket sjølv, og prøv gjerne strikket på før du klipper, om du har barn tilgjengeleg. Jo smalare strikk, jo kortare må strikket vere for å stramme nok.

Eg har brukt samme lengde på ribb og strikk, men lengda på ribben er igrunnen ikkje så nøye når ein har strikk inni.

Døme: På denne buksa er strikk og ribb (utan saummonn) 47 cm lange, barnets livvidde er 56 cm.  (Stoff og Stil sitt 3,5 cm breie strikk, som er relativt laust i strikken.) Sjå også bilete av ei anna bukse nedst i innlegget.

Klipping:

-Legg til til saman ca to cm saummonn på strikklengda du har rekna ut ovanfor.
-Klipping av ribb, forklart med ord: Tenk deg at den ferdige ribb-løpegangen skal vere cirka eller oppunder 5 mm breiare enn strikkbreidda. I tillegg må du ha saummonn. Og så skal ribben klippast dobbelt så brei, fordi den skal brettast på langs. I endane av remsa brukar eg saummonn 1,5 cm for at saummonnen skal leggje seg greiare (sjå seinare)

-Klipping av ribb, for dei som er glade i matematikk:
Breidde: (Breidde på strikk+0,5 cm+saummonn 1 cm) x2
Lengde: (Livvidde minus  10-15%*)+ saummonn (1,5 cm x2)
(*Om du vil trekkje frå 10%, gangar du livvidda med 0,90. Minus 15%: Gange med 0,85)
Untitled
Sying:
Sy ribben saman til ein ring, rette mot rette, slik dei blå strekane på figuren viser: Sy fyrst eit lite stykke, ca. tilsvarande langsidas saummonn. Start inne på stoffet og rygg mot kanten, heller enn å starte heilt i kanten. Dette for å hindre at stoffet set seg fast i stingplata. La det deretter vere opphald i saumen, og start igjen litt før midten.
  DSC_1050kompr
-Press saummonnen til kvar side. (Opninga kjem til å sprike litt når buksa er ferdig, det er derfor det lønner seg å ha litt breiare saummonn enn 1 cm her.)
-Brett om midten langs ringen, vrange mot vrange, og press.
-Lag merke i ribben for kvar fjerdedel, (dvs. midt framme og i sidene).
-Lag tilsvarande fjerdedelsmerke i sidene på buksa.

La vranga på buksa vende utover. Legg ribben inni; den sida av ribb-ringen som ikkje har opning i saumen skal vende mot bakre skrittsaum, altså rette mot rette. (klikk på biletet for større versjon).

DSC_1054

Sy ribben på i ein kontinuerleg saum, heile vegen rundt, medan du strekkjer slik at passmerka i ribb passar til merka i buksa.

For dei detalj-interesserte (dei meir resultatorienterte kan hoppe over ;-): Når eg syr ribben på, legg eg buksa nederst (vranga ned) og ribben øverst mot trykkfoten. Med andre ord har eg ikkje bruk for friarm på maskina. Eg brukar å starte i sida, av estetiske grunnar (unngå synleg skøyt bak ved merkelappen.) Eg legg sidemerke på ribb mot sidemerke på buksa. Før eg startar å sy (gjeld overlock-maskin, der ein må "sy seg innpå") strekkjer eg ribben litt, like mykje både forover og bakover, så merka framleis ligg ovanfor kvarandre. Medan eg held draget, startar eg å sy litt før sidemerket, og når nålene kjem omtrent fram til sidesaumen, slepp eg draget bakover. Eg justerer så draget i ribben slik at neste to passmerke ligg ovanfor kvarandre. (Samme metode som ved påsying av ribb i halsutringing). Så syr eg vidare rundt, og festar trådremsa inni saumen med butt stoppenål til slutt.

Treing av strikk:
Treinga går veldig greitt om ein brettar til ein spiss på strikket før ein festar sikkerheitsnåla. Set ei lang nål på tvers av strikket i enden for å hindre at enden glir inn i ribben, eller som på biletet: La vere å klippe av ribben frå rullen, men merk av enden med nål (eller strek).

DSC_1055
Når du festar strikket kan du gjerne bruke ein annan trådfarge enn strikkfargen, om du trur strikket skal justerast eller fjernast nokon gong.

DSC_1056

Ferdig! (Etter at du har dytta strikket inn i ribben, vel å merke…)
Biletet under viser litt betre korleis ferdig kant blir sjåande ut bak(denne kanten er nærare 90% av livvidda enn 85%, og sjølve buksa er også litt smalare i livnivå enn buksa lenger oppe i innlegget)

IMG_9618beskjært


Tusen takk til Leanne.no som via Sykroken.net lærte meg  å sy opning i ribb-skøyten for treing av strikk!

Ammetopp med ugler på pastell

DSC_1072

Denne er sydd etter samme mønster som den forrige eg sydde.

Mønster: Eige

Stoff:
-Mjuk og veldig elastisk bomullsjersey frå Stoff og Stil.
-Ribb frå Stoff og Stil
-Clear elastic tape frå Stoff og Stil

Bambusbodyar, str. 56

DSC_0831

DSC_0834

Ny body til minstejenta, og éin til ei lita venninne. Deileg og mjuk bambusjersey!

Mønster: Eige

Stoff:
-Bambusjersey (70% bambus, 30% bomull) kjøpt hjå Cetho
-Ribb frå Stoff og Stil

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...