Ut av boksen på kneet på denne buksa sprett det opp ein klovn. Problemet hans er berre at han ikkje kan fordra å vere klovn, for han skvett til og blir forskrekka kvar gong han sprett opp av boksen, stakkars. Men ein gut blir i allefall glad for å ha han der likevel!
Buksa framme:
Og bak:
Om mønsteret:
Teikna med hjelp frå boka til Winifred Aldrich. Lommer og knelappar på slump storleiksmessig (men to og to like store). Lange buksebein som er lagt opp ein del centimeter, og som kan leggast ned igjen. Med strikk i livet også, kan buksa brukast lenge, –om stoffet held, då. Tutorial på ribben i livet finn du her.
Stikningar:
Lommer og lappar er sydd på med naturkvit dongeritråd frå Stoff og Stil.
Klovnen:
Eg teikna masse forslag til klovnar, men endte med ein veldig enkel variant; laga omtrent berre av ellipser. Sidan eg er usikker på om dette stoffet held meir enn to dagar i sandkassa, brukte eg samme tråden overalt på klovnen for å spare tid. Fjæra er av moulinégarn. Det samme er håret; etter å ha festa enden av garnet, kveila eg opp garnet på ein pinsett heilt inntil syfoten, to-tre slynger om gongen, la slyngene ned framfor nåla (open applikasjonsfot), og sydde over. Deretter nye slynger, heilt til det blei passeleg mykje. Pupillane er sydd med ein saum på maskina som lagar fylte sirklar, men transportøren var ikkje nøyaktig nok på det eine auget, og det blei ei ellipse…
Klikk på biletet for større versjon.
Tag på baklomme:
Ein liten bit av eit vevd band…
Denne buksa er også eit bidrag i septemberutfordringa i denne bloggen: http://sy-utfordring.blogspot.com/
Mønster: Eige
Stoff og tilbehør:
-Kraftig lin frå Stoff og Stil
-Ribb kjøpt i Danmark
-Klovnen: Raudt bomullsstoff til hovud, Stoff og Stil-ribb til auger, munnen hugsar eg ikkje. Moulinégarn frå Stoff og Stil.
-Vevd band med borg, Leanne.no
-3,5 cm breitt strikk, Stoff og Stil
Wow, stilig bukse. Har ikke prøvd meg på bukser enda, tror det er vanskeligere enn kjoler... Du syr så myr fint, elsker alle fargene du bruker.
SvarSlettJau, eg krysser fingra og stemmer på deg ;-)
SvarSlettSupertøff klovn i eske!!
SvarSlett