14.12.2011

Aktivitetsboks for ein treåring

Då eg var liten, hadde eg ei tøydokke med glidelås, knappar og borrelås på, som ein kunne øve seg på. Eit i utgangspunktet fint konsept, men eg hugsar at dokka ikkje engasjerte meg så veldig.  Men eg har fått lyst til å prøve noko liknande, og etter å ha tenkt litt, forsøker eg meg nå på ein “aktivitetsboks”. Så får tida vise om årets jolegåve blir suksess eller fiasko.


DSC_0285

Konseptet går ut på at ein lagar mange remser av stoff, som pakkast rundt ein boks av eitt eller anna slag, i dette tilfellet den minste “Skubb”-boksen frå IKEA. Remsene faldast annankvar omkring boksen, lag på lag, og kvart lag har ei eller annan form for lukking som barnet kan leike seg med.
Eg fann fram det eg hadde av “lukke-dingsar” i sysakene mine, og sette i gang. Vil du vere med på ein tur gjennom boksen, så heng deg på! (Trykk på bileta for å gjere dei større.)

DSC_0286
DSC_0287
DSC_0288
DSC_0289
DSC_0290
DSC_0291
DSC_0293
DSC_0294
DSC_0295
DSC_0296
DSC_0297
DSC_0298


Om syinga:
Storleiken på remsene er laga på slump, med breidde frå nokre millimeter til ein centimeter eller to breiare enn boksen, dei smalaste innerst. (Men kvar remse har nokonlunde konstant breidde) Lengdene  på dei er også ulike.
DSC_0280
Fyrst sydde eg stoffet saman til ei pølse, pressa, men lukka ikkje remsa i endande. Alle remsene, med unntak av to, blei deretter kutta over omtrent på midten, fordi eg tenkte at det ville bli for tykt under boksen om alle remsene var heile. Før montering, la eg ei heil remse ned, og deretter halve remser annankvar, vinkelrett på kvarandre slik bileta under viser. Nåla og sydde. Eg fordelte remsene på to kryss, som eg sydde saman til eitt tykt eit (det var også så mange lag at det blei litt for tykt å sy alt i ein operasjon).DSC_0281
DSC_0282
Etter at krysset var laga, sette eg boksen i. Så jobba eg meg lag for lag utover, ved fyrst å kutte remse-halvdelane til passe lengde, lukke dei i endane (bretta inn og sydde over) og deretter sette på den type lukking som måtte passe. Eg festa boksen til dei to innerste laga med nokre sting til slutt (ikkje med på bileta).

6 kommentarer:

  1. For en flott boks!!! Håper den blir satt pris på, det ser jo ut til å være en kjempegøy skatteboks for en liten dame!!!!

    Hilsen Nina

    SvarSlett
  2. WOW! Det var en kul boks! Og Signe synes nok at det blir stor stas! Veldig god idè!

    SvarSlett
  3. Fantastisk ide! Denne var original!!

    SvarSlett
  4. Så utrolig fin! En skikkelig god ide. Så flink du er!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...