09.10.2013

Raglan-body

Eg er eigentleg ikkje så glad i raglanbodyar og –genserar. Til meg sjølv passar det dårleg fordi det framhevar skrånande skuldrar. Til barn blir det fort litt dårleg passform rundt halsen, synest eg.

Men: Ein fordel med raglan er at det passar fint under ermelause kjolar, så kan ein ha ein farge på mage/rygg og ein annan på ermane utan at det blir uryddig i opninga for armen. Sånn teoretisk sett, i allefall, eg har ikkje prøvd i praksis ennå. (Men det er planen å teste ut ;-)

Og: ein kan ha andre halsopningar med raglan enn med set-in-sleeves, kva nå det heiter på norsk. Og det var dette eg hadde tenkt eg skulle teste ut på denne bodyen. Slik skulle den bli (bilete av Heilt Spesiell og Jubel si bok):

Men då eg hadde kanta rundt halsutringinga, fann eg ut at eg hadde gløymt å kante heile raglansaumen. Jaja, sånn kan det gå. Men bodyen var vid nok til å gå over hovudet utan knepping, så eg sydde den berre saman utan knepping. Og fekk dermed ein saum i kantebandet framme. Litt irriterande, i allefall om det skulle føre til at ein tar bodyen på bak fram. Slike skøytar i kantebandet brukar nemleg å vere bak… Så eg sette på ein liten bit vevd band og ein knapp. Sånn, så var det ordna! Så får eg inne ut seinare korleis det blir å kante den krappe svingen mellom halsutringing og raglansaum…

I’m not very fond of raglan sleeves. But I guess they are nice on sweaters to be used under sleeveless dresses, because it makes a more tidy impression of the shoulder area when you don’t have that shoulder seam. And, you can have different types of neclines. I wanted to try the neckline on the picture above (from the book of Heilt Spesiell and Jubel). The problem is, that I forgot to bind the raglan portion of the neckline opening. Well, the neckline was wide enough to be stitched together without buttons, and so I did.  Leaving a conection in the rib at the front of the body. I covered the connection with a little piece of ribbon and a button; problem solved! (Easy to say now, a few days later, but at that time I was frustrated that a body that was supposed to be a quick project, became a very slow project ;-)

Kanting: Eg brukte ein veldig mjuk interlock (JNY). Drog fram eit kantebandsapparat eg nesten aldri har brukt før (uoriginalt type A, 1 3/16”/2,9 cm klippebreidde). Det stod tre nåler i maskina frå før, eg synest det er kjedeleg å skru ut nåler, så kvifor ikkje berre prøve kanting med tre nåler? Jo’a, fint det. I allefall på rette strekningar, men stoffet blei litt for mykje strekt og halsutringinga dermed litt for vid (sjå action-biletet lenger oppe). Mange årsaks-faktorar som kan ha spelt inn her, ikkje godt å seie kva som var viktigast.

Storleik: 92 centilong. Jenta er omtrent så høg (har ikkje målt henne på år og dag :-). Bodymodellen er smal, det er ikkje jenta mi. Så bodyen er sydd i str. 98, front- og bakstykke blei forkorta med 2,5 cm og i tillegg nokre få millimeter nedst. Ermane forkorta oppunder 2 cm. Det blei igrunnen bra lengde, det.

Stoff: Textart.

Eg veit det er mange som har sydd av Heilt Spesiell-bodymønsteret før meg, kommenter gjerne om de har gode tips :-)

11 kommentarer:

  1. Fin body, og kjempefint stoff :) kanskje dette er ei bok man bør gå til innkjøp av..? ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Dette er ei flott bok om ein likar å sy av elastiske stoff pynta med ribbkantar her og der. På Sykroken.net er det ein lang tråd med masse plagg som folk har sydd av boka, så kan ein sjå kva type mønster det er snakk om. Ein må melde seg inn for å få tilgang, men det er inga sak, berre gøy :-)

      Slett
  2. Søt body og jente:) ble jo veldig fint med båndet og knappen da:) jeg kantet sånn som i boken tidligere, det går fint å kante i svingen, men jeg syns ikke passformen i halsen blir så bra . Jeg liker bedre å kante raglanskjæringene først så halsen. Da bruker det å li tett og fint i halsen. Jeg liker raglan best:) blir kult med ulike stoff på bol og ermer:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Var akkurat det jeg skulle foreslå om man knoter med buen i halsen:))

      Slett
    2. Måtte inn i bloggen din, mumi, for å sjå om eg hadde skjøna det rett ;-) Det er sikkert slik som i denne bodyen du meiner?: http://mumispapirverden.blogspot.no/2013/05/snuppeklr.html

      Ser ut til å funke fint det også, ja! Tusen takk for tips!

      Slett
    3. Det er sånt ja, ikke så lett å forklare:) Funker veldig greit og sitter fint i halsen, men det er jo smak og behag hva man liker best:)

      Slett
    4. Det er sånt ja, ikke så lett å forklare:) Funker veldig greit og sitter fint i halsen, men det er jo smak og behag hva man liker best:)

      Slett
  3. Kjempefin body! Nydelig stoff.
    Jeg syns du løste "feilen" veldig flott. Det er alltid fint med litt ekstra pynt, det ser jo bare ut som det skal være sånn.
    Jeg vet at buksene er litt korte i størrelsen i boka, men bodyen er altså OK? Vurderer å sy body til mitt tantebarn nemlig.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, kan vere lurt å "spele på lag med feilen", og få det til å sjå ut som om det skulle vere slik :-) Det er ikkje fyrste gong eg har gjort feil og fått behov for litt slik triksing, hehe ;-)

      Body-mønsteret ser ikkje ut til å vere for kort i lengda, nei! I allefall ikkje str. 98. Moro at du har byrja å køyre coverstitch, Shamu!

      Slett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...