08.10.2013

Når lua gjerne blir kasta av…

…er det greitt med noko form for feste under haka :-) Denne lue-modellen fungerer godt. Mønster frå boka til Heilt spesiell og Jubel.

When the beanie tends to get thrown off, it’s good to have some form of band under the chin :-) This model works well. Pattern from Heilt spesiell and Jubel.

Lue Heilt spesiell og Jubel

Frå Heilt spesiell og Jubels bok

Jenta er 51 cm rundt hovudet, det er den største storleiken av dei to i boka. Eg sydde lua av den mest stretchy singel-jerseyen eg kunne finne i stoff-samlinga (stoff frå Znok), sidan eg veit at bok-forfattarane likar smal passform. Lua passar greitt, men er nesten litt for stram i vidda, synest eg. Eg tør nok ikkje sy denne i tykkare singeljerseystoff (t.d. fleece) når vinterkulda kjem, men i interlock (som føyer seg meir i vidda) blir den sikkert heilt topp, vil eg tru! Kanskje det blir ei lue til i ull-interlock her i huset?

Berre eit apropos til slike luer; eg har tidlegare sydd liknande lue med polyester-fleece inni og bomulls-jersey eller –interlock utanpå. Slik fekk barna i huset gøyale luer med tøffe motiv og glade fargar. MEN: Så fort det byrja å bli litt vått i vêret, smelta snø på lua osv., trakk bomullen til seg vatn og blei som eit kjøle-element. Ikkje det mest gunstige, akkurat. Så i vått og kaldt vêr er det nok betre med heilsyntetisk lue. Eller ull.

Cotton jersey hats can be colourful and fun, but be aware that cotton is not a very suitable material when it gets wet in cold weather. A cooling hat rather than a warming one…

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...