08.10.2013

To bukser frå HS&J-boka, med lomme-ribb DIY

Str. 6 år:

Str. 3 år:

Lommeribben på fyrste buksa blei for lang. Breidda er også for stor for Stoff og Stil-ribb. På den underste buksa, som eg sydde etterpå, målte eg opp ribblengda utifrå lommeopninga, lot ribben vere litt smalare (ca 2 cm brei utanom saummonn), og bruka ein lausare strikka ribb.

Om du også vil måle opp ribb slik eg gjorde:

Eg gjekk denne gongen utifrå ferdigklipt stoff, men ein kan naturlegvis også måle på mønsteret. Eg måler med eit måleband på høgkant avstanden frå A til B. Avstanden frå stoffkanten (heiltrukken, lilla linje) finn eg ved å gå utifrå breidda eg vil ferdig ribb skal ha, men trekkje frå saummonbreidda på buksestoffet. Om eg vil at ribben skal vere 2 cm brei, og eg har klipt 1 cm saummonn på buksestoffet, legg eg altså målebandet 1 cm frå stoffkanten.

Om du har klipt 0,5 cm saummonn på buksestoffet, og vil ha 2 cm brei kant, måler du frå punkt A til B 1,5 cm frå stoffkanten.

Nå har du målt kor lang ribb-strimmelen skal vere, og dette målet inkluderer saummonn i kvar ende. Legg så til saummonn på langsidene før du klipper strimmelen :-)

Frå boka:

DSC_0833

Om du likar å sy barneklede i elastiske stoff, er dette ei veldig inspirerande bok! Løp og kjøp!

Stoff eg har brukt på buksene: Mønstra velour fro Stoff og Stil (øverst) og prikkete stretch-isoli frå Hilco. Inni lommene er det ein tykk jersey i den øverste buksa, og vevd bomull i den nederste.

2 kommentarer:

  1. Du er så flink å bruke mønstrete velour på en kreativ og flott måte! Står litt fast der jeg:) Flotte bukser!

    SvarSlett
  2. Åh, så fine disse buksene er! Fargen på den øverste er helt magisk, utrolig flott!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...