01.09.2012

Tutorial: Bukselommer av den tradisjonelle typen

Tutorial: How to sew pockets in children's trousers
Her viser eg korleis eg syr lommer på gutebukser. Bileta kan forstørrast ved å klikke på dei.
Klipping:

Fyrst lagar eg lommeopning i buksemønsteret (fremre del av buksebeinet). Opninga kan vere kurva, som her, eller det kan vere ein rett strek på skrå. Felles er at lommeopninga er så stor at ei barnehand lett kan gli nedi lomma, men ikkje så allverdens mykje større.






.

Nå er øvre og ytre kant av lommeposens ytre del ferdig, det manglar innerste og nederste kant. Den har eg her kutta på frihand, men dei fyrste gongene kan det vere lurt å lage nokre skisser på eit papir fyrst, før ein klipper.

Den øverste kanten/"halsen" på lommedelen (den som ligg heilt til venstre på biletet) bør ikkje vere altfor smal, for då blir det vanskeleg å sy dei to lomme-delande saman. Og blir denne kanten for brei, går lomma borti smekken. Her måler kanten 5-6 cm inkl saummonn.
Kopiér lommedelen så du har to stk.

.

Klipping av lommeposens indre del:
Legg mønster-delane inntil kvarandre langs sidesaumen, frå nederst på buksa og oppover, slik at du til slutt ser kor mange centimeter som manglar på framstykket i forhold til bakstykket.



NB: Den observante lesar vil kanskje leggje merke til at målebandet ligg feil på biletet over (og biletet til venstre), eg har gløymt saummonnen…

.

Klipp oppover langs “sidesaum-sida” av lomme-delen, ov vidare opp så langt som du fann ut på mønsteret rett ovanfor her .

.

Klipp rundt resten av lomma slik biletet viser.

Det kan vere ein fordel å setje eit merke i buksas framstykke så langt ned som lomma skal rekkje, dette er viktigast nå ein syr i stoff som kan tøye seg under syinga.

Kopier lomme-delen (spegelvendt) så du har to stk.


Sying:

Sy på den ytre lomme-delen på buksebeinet, rette mot rette.

.

Brette lomme-delen bakover så den blir liggande vrange mot vrange. Press.
Nå kan du velge kva for rekkjefylgje du vil gjere tinga i. Du skal:
1. Sy ei stikning langs lommeopninga, og
2. Sy på den indre lomme-delen

…eller gjere det i omvendt rekkjefylgje.
Eg synest det er greiast å sy stikninga fyrst, men om den øverste “halsen” på lomme-delen du akkurat har sydd på er veldig smal, er det lettast å sy dei to lomme-delane saman før stikninga.

Her har eg sydd stikninga fyrst.
.

Så legg eg rettsida på den største lomme-delen oppå lomme-delen som allereie er påsydd, rette mot rette. Nålar saman (obs, ingen nåler i overlock-knivens løype!!) og syr.

Å sy ei såpass skarp ytterkurve med overlock-maskin er ikkje alltid så lett. Min måte å få det til på, er å presse stoffa hardt ned mot “sybordet” (det bitte vesle som finst av sybord til venstre for syfoten) medan eg syr, så dei to stofflaga ikkje skal skli frå kvarandre. Og så må eg naturlegvis også dytte stoffet framover samtidig som eg pressar det ned.
.
Eg syr hjelpestikningar i saummonnen øverst og i sida, for å halde lomma på plass
.

Tutorial: Sy lommer p barnebukser
Det neste er å sy sidesaumen, her er det også sydd ein stikning i sidesaumen. Deretter monterast buksa som vanleg.
Heile buksa kan du sjå her.

3 kommentarer:

  1. For en flott tutorial! Buksa ble kjempefin, og så forseggjort! Alle detaljene gjør at buksa ser så proff ut. Likte godt båndet på skjæringssømmen bak.
    Riktig god helg!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...