Endå ei bukse til gutungen! Pappaen syntest guten også skulle få bukser som ikkje er i jogge-/kosebuksestilen (som racerbil-buksa her om dagen). Og når den mannen kjem med ønskje, klarer eg ikkje å la vere ;-) (Men slike bukser er atskillig meir tidkrevjande enn velourbukser, så det blir ikkje kjempemange av dei.)
Knelappane har stretchen i vertikal retning i staden for horisontal retning, slik resten av buksa har. Då skal det meir til for å lage hòl på knea. |
Tutorial på korleis eg syr lommene kjem etterkvart.
Mønster: Eige
Stoff og tilbehør: Tynn stretch-cord frå Textart.no. Band med ridder-tema frå Leanne.no. 3,5 cm breitt strikk frå Stoff og Stil i livet. Knappar frå Stoff og Stil.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!