08.08.2012

Onion 2035: Regnvêrskjole

Nå har eg sydd min fyrste 2035-kjole, etter det populære mønsteret Onion 2035! Og som fleire har sagt før meg: Dette mønsteret kjem eg til å sy av igjen (i skrivande stund har eg akkurat avslutta klippinga av ein topp etter mønsteret).

Fargane kjem dessverre ikkje fram godt nok, berestykket på kjolen er i ein intens, djup turkisfarge, men kameraet vil ha det til å bli enten blått eller “vanleg turkis”. Eg har stilt og stilt på kameraet, men ingenting funkar. I allefall, sånn cirka slik ser kjolen ut:

DSC_0271kb

Blåfargen i kjolen er også ein flott, djup nyanse. Under er det eit bilete av dekoren på brystet. Det pøsregnte då eg sydde kjolen, og dekoren blei inspirert av dét, hehe ;-)

DSC_0302

Skyene er ein lapp av frotté-stoff med skyer på, paraplyane kjem frå eit tynt interlock-stoff med trykte paraplyar på, og regndråpane var eg glad for å finne i pyntesaumutvalet på symaskina mi. Rundt lappen er det sydd på anorakksnor.

Endringar på mønsteret:

Mønsteret er kjent for at den horisontale saumen under bysta kjem for høgt opp, så eg forlenga berestykket bittelitt, 6-7 mm, (bortsett frå i sidene), sjølv om eg ikkje er spesielt barmfager av meg. Omtrent slik endra eg berestykket:onion2035bryststykke

Det nedre bakstykket er heilt, utan innsnitt, og vil garantert lage tverrgåande faldar over rumpa på meg, sidan eg har ein del svai i ryggen. Eg delte derfor bakstykket, tok vekk bittelitt frå midten heilt øverst, og la til litt mot midt bak på største delar av skjørtet. Litt faldar fekk eg likevel, men mykje mindre enn det ville blitt.onion2035

DSC_0275

Det eg skulle endra på, men oppdaga fyrst då kjolen var sydd, var at underermane var akkurat litt for tronge. Eg får bruke kjolen litt og sjå om dei er brukande likevel, elles får eg sy dei om på noko vis. Lengda på ermane er eg ikkje heilt sikker på om stemmer med mønsteret eller ei.

Mønster: Onion 2035

Stoff: Blå og turkis velour frå Jydsk stofflager. Sky-frotté frå JNYDesign (Cetho). Paraplystoffet er kjøpt frå USA eller Sør-Korea, enten Etsy eller Ebay. Naturkvit anorakksnor frå Atoff og Stil (den smalaste typen deira).

10 kommentarer:

  1. Så fin den ble! Jeg har også sydd meg kjole etter dette mønsteret og er veldig fornøyd.

    SvarSlett
  2. Kjempefin kjole! Likte veldig godt dekoren;)

    SvarSlett
  3. Nydelig kjole. Denne har jeg også sydd, og jeg hadde en bred blonde under bærestykket.

    SvarSlett
  4. Helt herlig kjole!!! Den kledde du virkelig godt :-)

    SvarSlett
  5. Kjempefin kjole. Eg har også kjøpt mønsteret, og gler meg til å prøva. Har termin om ein månad, så eg ventar litt. No var eg alt frå str. XS til XL, då eg måla på kroppen min:-)

    SvarSlett
  6. Tusen takk for hyggelege kommentarar!
    BoHo: Lykke til med resten av svangerskap, fødsel og alt!

    SvarSlett
  7. Kjempe fin kjole! Eg har hatt mønsteret liggande i fleire månadar...
    Tusen takk for inspiraasjon! No har eg klippt og begynnt, men måtte avslutta pga skogstur med familien :)
    Gleder meg til i morgon!
    Du har ein inspirerande blogg! velkommen innom min :)

    SvarSlett
  8. Kjempeflott kjole!! Den sitter veldig fint på deg :) Jeg har også dette mønsteret liggende, men må nok forandre endel på overdelen iallefall. Takk for tips!

    SvarSlett
  9. Kjempefin kjole som sitter som støpt på deg :D

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...