03.08.2012

Underbukse-dilla, nå også underbukser til gutar og damer…

Før vi reiste på ferie hadde eg i allefall dilla… Eg fekk ikkje blogga om trusene då, for dei fleste var bursdagsgåve til to tantebarn, og eg kunne jo ikkje røpe kva dei skulle til bursdagen ;-)

DSC_0582

Underbukser til nevø: Eg samla alle ulike typer underbukser eg fann i skåpet til femåringen i huset, og teikna mønster. Snegle-underbuksa var prøveunderbukse og blei ein del for stor. Men dei andre tre blei bra. Det såg ut til å vere felles for fleire kjøpe-underbukser at strikket var 80% av barnets livvidde (eg hugsar ikkje om eg fann mål i Aldrich eller Haugsand si bok), og vidda på bokseren 93% av barnets hoftevidde.  Midt framme er det dobbelt lag stoff. Eg spurte mannnen min om det er viktig å ha dobbelt stoff framme på guttetruser, og fekk til svar at “det blir alltid litt vått der”. Aha, naturlegvis, då er det nok greitt med dobbelt stoff ;-)

Systera fekk også truser, og i samme slengen sydde eg opp nokre til mi eiga jente òg. Dette er samme trusemønster som tidlegare, teikna av truser eg fann i skåpet.

DSC_0574

Og då vi kom heim frå ferien, var det mammaen og vår felles svigerinne sin tur til å ha bursdag, så eg prøvde meg på truser til dei også, eg. Mest for moro skuld, eg fann fort ut at det ikkje lønner seg å sy trusene sine sjølv… Mønsteret til desse fann eg i Ottobre, men eg gjorde ein del endringar.

2012-07-25 13.26.32

Strikk i “bein-opningane”: På desse sydde eg FOE (foldover elastic) fyrst på på vranga, kant i kant med saummonnen med overlock-saum. Bretta deretter strikket på langs mot vranga og sydde over med cover-saum frå retta. På førehand hadde eg målt opp strikket og nåla det grovt på trusa (NB: Eg nålar alltid på langs dei gongene eg nålar før overlock-saum, aldri på tvers der kniven skal gå. Å køyre over ei knappenål kan fort kome på ein del hundrelappar i knivbytte, har eg erfart…) Lengda på strikket var, tja, kanskje 70% av omkrinsen rundt beinet på trusa (Tok det på gefühlen, men sørga for at det var lik lengde i kvart bein).

Stoff og tilbehør:

Sneglejersey frå Znok Design, Apejersey og biljersey frå Stoff og Stil. Siffer-jersey frå Mjuka tyger? Jersey med maskiner og skyer frå JNY Design, astronaut-jerseyen er kjøpt hjå Textart.no, og designa av Johanna Ahlard (som har designa fleire av stoffa her). Jerseyen i dametrusene er også kjøpt hjå Textart.no

I alle trusene er det brukt 5/8” FOE kjøpt på Ebay.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...