Dette er siste syprosjekt som har lege i blogg-kø i denne omgangen. Tusen takk for alle kommentarane, eg set stor pris på dei. I ny og ne tar eg meg ein bloggrunde og høyrer korleis de andre har det og lar meg inspirere av det flotte de lagar :-)
Eg hadde noko att av den deilege sommarfrottéen Hilco laga for to-tre år sidan. Og det blei til eit sommarsett til treåringen, noko ho blei veldig glad for!
Litt sånn cheerleader? Ikkje det at det var meininga det skulle bli det, hehe, sluttresultatet blir ikkje heilt sjeldant litt annleis enn eg har tenkt ut på førehand! Gong på gong har det blitt meir 70-tals og retro enn eg eigentleg hadde meint, men ofte er eg fornøgd likevel.
Singletten tenkte eg å sprite opp med ei liten runding/”dråpe” i halsutringinga, inspirert av ein modell som var i Ottobre ein gong. Men kurva blei altfor skarp for kantebandsapparatet, og bandet buka veldig nedst i svingen, så eg måtte sy ein stikning. Dermed blei det i stadenfor ein slags “V”. Greitt nok, det gjorde uansett singletten meir spennande.
Skjørtemønsteret er likt framme og bak. Biletet over viser at livet til eit barn ikkje ligg i horisontalplanet, og skjørtet blir derfor lengre framme enn bak. Dette kjem eg nok til å justere på seinare skjørt, men denne forskjellen er heldigvis ikkje like synleg når jenta spring rundt omkring.
Dei kvite stripene er laga av anorakksnor som er sydd på. Det krev stabilisering bak når ein syr anorakksnor på stretch, ellers strekk stoffet seg under påsyinga, og det blir bølgete. I dette tilfellet er heile den oransje stripa lima på med vliesofix. Eg var litt usikker på om det ville vere stabilisering nok berre av lim og dobbelt stofflag, men det funka.
I livet på skjørtet sydde eg på ei 3 cm brei linning/løpegang av det rosa frottéstoffet og tredde med 2,5 cm breitt strikk. Lengda på linninga var litt kortare enn livvidda på barnet (85-90%, hugsar ikkje nøyaktig…) Strikket var ca 85% av livvidda, funka greitt.
Mønster: Eigne. Skjørtemønsteret er det samme som er brukt her (str. 5 år) og dei to her (str. 3 år).
Stoff: stretch-sommarfrotte frå Hilco. Anorakksnor frå Stoff og Stil, tynnaste varianten (3,5 mm?)
Og slik på tampen slenger eg med eit par bilete av genseren eg sydde i går kveld. Den blei eg ikkje veldig fornøgd med, blei altfor mykje mønster, og liksom ikkje heilt… …Det blei too much, liksom. Men varme kroppen til den vesle jenta, det kan den, så den kjem til å bli brukt . Genseren er i str. 80, og er meint å gå langt ned på hoftene. Sydd i jersey.
Den deilege buksa i isoli er sydd av svigerinna mi.
Ha ei god natt!
Eg syns sommersettet var kjempefint! Knallfint med detaljene. Litt sånn tennisstil, kanskje? I like! Har du forresten noge å anbefale når eg ska kjøpe symaskin og overlock? Vil bruke rundt 10 000... Eg syr mye, men har bare holdt på et år, så eg e ikkje kjempeproff...
SvarSlettSå flott sommersett. Fargene var jo helt supre sammen da :) Og genseren syntes jeg også var flott. Barn liker jo gjerne mase mønster og farge så hvorfor ikke?
SvarSlettHa en god søndag!
Kjempefint sommersett!
SvarSlettLikte genseren til den lille også!
KOr stor hun er blitt :)