04.06.2012
Meir av det feminine
Eg blei så inspirert av å sy toppen frå Ottobre her om dagen. Treåringen var så fin i den, og toppen blei eit friskt, feminint pust innimellom alle dei retroaktige, minimalistiske plagga eg har sydd mange av. Rullefald gav også meirsmak.
Så i går fekk eg tenkt ut og teikna mønster, og halvvegs sydd denne toppen, og i dag blei den ferdig. Den er i str. 4 år. Den blei utruleg søt, men eg er spent på kor mykje jerseykantane kjem til å rulle seg, det er tendensar allereie før bruk. Uansett, så er det eit godt utgangspunkt for å sy toppen i andre stoff, til dømes viscosejersey.
Litt om mønsteret og monteringa: Eg har tatt utgangspunkt i singlettmønsteret til frotté-toppen i forrige innlegg. Gjorde den om til raglan-front og –bakdel, men runda av det venstre hjørnet på fronten. Målte på mønsteret kor lange “skulder-stroppane” skulle vere, la til litt ekstra til knepping på venstre sida.
Rysjekanten er laga ved å sy gjennomsiktig strikk nokre få millimeter frå kanten på ei jerseyremse, der eg på førehand hadde merka av på strikket med tusj kvar rysjekanten skulle henge på toppen. Etter montering av toppen nedst og i sidene, og deretter kanta armholene, nåla eg på rysjekanten etter tusj-merka. Kanta med kantebandsapparatet. Sette til slutt i knapp som festar venstre skulderstropp til fronten.
Grønn lapp i nakken?? Eg spanderer ikkje alltid ein storleikslapp på plagga eg syr. Men eg har så godt som alltid ein eller annan form for merke i nakken, så barn (og pappaer) skal skjøne kva som er fram og bak på plagget. Særleg i bukser som er tilsynelatande like framme og bak, er det viktig med ein markør, også for dei saum-interesserte mammaene. Ein liten bit ribb, gjerne i eit stoff med litt kontrast, gjer susen.
Stoff: Jersey frå Textart.no. Raud ribb frå Stoff og Stil. Hjarteknapp frå KAM, kjøpt hjå Lykkedragen.no. Gjennomstiktig strikk frå Stoff og Stil.
Fotoredigering: Eg prøvar å lære meg Photoshop Elements, og har fått hjelp som var gull verdt av *atina*. Tusen takk, *atina*!
Innstillingar på rullefald (mest som hugselapp for meg sjølv…)
Trådspenning: –/2,5/4/6,3
Stinglengd: 0,8
Diff: 1,5
Skjerebreidde: 6 mm
Stingtungeknappen på “R”
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Så kreativt og stilig!
SvarSlettDu er så flink, denne var kjempe fin!:)
SvarSlettDet å merke kva som er bak må eg bli flinkare til, får litt kommentarer frå mannen at det av og til kan vera litt vanskelig å sjå forskjell på fram og bak på plagga!:)
Denne var stilig!! Kunne virkelig tenkt meg å se hvordan den sitter på jenta di :)
SvarSlettMerkelapp bak er helt klart til hjelp både for barn og pappaer!
Og så kjekt at tipsene mine om redigering er til hjelp! Jeg er absolutt ikke spesielt dreven men har eksperimentert meg fram til noe som fungerer ;)
Denne var virkelig lekker!
SvarSlettSå utrolig søt! Så flink du er med mønster :)
SvarSlett