Innimellom får eg ulike spørsmål om kantebandsapparatet mitt. Eg har ei kantebandsløysing som eg er svært fornøgd med, men som dessverre ikkje så lett lar seg reprodusere. Eg har derfor latt vere å blogge om det tidlegare, fordi eg har frykta at eg ville forvirre meir enn å hjelpe om eg skreiv om det. Men, kanskje nokon har lyst til å sjå korleis eg kantar likevel, sånn berre for moro? Eller, om ein sit som eit sprøsmålsteikn med eit flunk nytt apparat mellom hendene, og er desperat etter tips til kva ein kan prøve å stille på?
Og, som ved alle guida turar; det er lov å stille spørsmål :-)
Maskin: Janome Coverpro 1000CPX (ei rein coverstitch-maskin)
Kantebandsapparat: Type A-apparat (ingen brett på baksida), 1 1/2” (frå 38 mm brei remse t il 14 mm brei kant). Ikkje “fits Janome”.
Kjøpt her: http://stores.ebay.com/SHARP-SEWING-SUPPLIES. Annonsa på mitt apparat har gått ut, og eg veit ikkje om dei har akkurat denne modellen lenger.
Slik monterer eg apparatet (sjå tekst som kjem opp når du held musemarkøren over biletet. Nokon bilete kan forstørrast ved å klikke på dei.):
|
Legg til bildetekst |
Festeplata kjem frå det originale 42mm-apparatet, men plata kan også kjøpast separat hjå Symaskiner.no for ein billig penge.
Når apparatet er festa berre i eitt punkt, er det akkurat så mobilt at eg enkelt kan flytte bittelitt på det. Dette likar eg veldig godt. Om eg roterer apparatet rundt skruen, kan eg justere kantebadet sidevegs; vrir eg bittelitt
med klokka, flyttast kantebandet mot høgre under syfoten, og
mot klokka omvendt.
Fyrste gong eg stilte apparatet inn, justerte eg “armane” til venstre på apparatet, slik at saumen på baksida dekkjer heile stoffkanten:
Innstillingar på maskina (hald musemarkøren over bileta for å få fram tekst):
Nåler: Organ ELx705 str. 90.
OBS: Brukar du den korte, originale syfoten som fylgde med originalt kantebandsapparat, og slit med at det berre blir surr på undersida av kantebandet? Prøv å bytte til ein annan syfot!
Diff’en står på 0,5 (lågast) ved kanting med ribb, og oppover mot 1 ved kanting med interlock. Ønskjer eg ein sjeldan gong at kantebandet skal rynke stoffet, skrur eg opp diff’en på max. Eg veit at andre (med andre typer apparat) kantar med mykje høgare diff enn meg med godt resultat, men eg har ikkje skjøna kvifor dette varierer.
Apparatet mitt er ikkje så følsomt for ulike trykkfot-press, men om du slit med hoppesting på ditt apparat, kan det vere at det hjelper å auke presset, dvs. skru nedover.
Stoff til kanteband:
Eg brukar både ribb/stretch-jersey frå Stoff og Stil, eller ribb av liknande kvalitet, og ulike typer interlock. Men mest ribb, og alltid ribb der kanten kjem på strekk, slik som i halsutringing. Alltid interlock der eg ikkje ønskjer snurping, slik som nedst på eit plagg eller nedst på armar (men
heilt snurpefritt får eg det sjeldant).
Eg brukar rullekniv, quiltelinjal og skjerematte når eg kuttar remsene, så dei blir jevne.
Treing av stoff i apparatet:
Stoffremsene krummar seg ofte i nokon grad mot retta. Eg matar som regel remsa inn i apparatet med retta mot meg, med mindre det blir lett synleg at det då er vranga som blir liggande ut. Med ribb og interlock er det kanskje ikkje store forskjellen på kva for side som er inn og ut, men nokon stoff fungerer mykje betre å kante med om dei brettast samme veg som dei naturleg rullar seg.
Eg brukar høgre handa mi til å halde rundt apparatet medan eg syr, og høgre peikefinger kviler mot kantebandet for å hindre det i skli mot høgre.
Slik avsluttar eg saumen:
Som ein kan sjå, rynkast stoffet litt med ribb. Det rynkar seg ofte bittelitt også med interlock, men mindre enn med ribb.
Pinsetten er grei å ha når ein kantar, til dømes i kurver:
Eller for å hindre enden på stoffet i å skli unna:
Kommentarar på slutten av turen:
Eg har til saman fem ulike kantebandsapparat; det originale 42 mm-apparatet som brettar på baksida, og fire frå Sharpsewing, ingen av desse brettar på baksida. Eg rakk aldri å lære meg det originale apparatet før eg fekk dette som har fungert supert for meg. Både det originale, og alle dei andre har vore litt vriene i starten, og sidan eg har hatt eit apparat som har fungert har det aldri blitt til at eg har øvd med dei andre. Om du har eit originalt apparat du slit med å få til, vil eg råde deg til å bli medlem av syforumet
Sykroken, fordi der er det mange som har mykje erfaring med dette, og som kan hjelpe.
Eg blir av og til spurt om eg kan fortelje kva for eit apparat folk skal kjøpe. Eg synest det er vanskeleg å svare på dette, fordi det er så mange ulike faktorar som spelar inn på om resultatet blir vellykka eller ei. Det er vanskeleg å kante, rett og slett, det krev øving, og det er vanleg å streve i starten (Eg har gitt opp å bruke fire apparat…)
Men, om du absolutt vil ha eit råd, og er villig til å hoppe uti det, med risiko for at det er bortkasta tid og pengar, ville eg gått for eitt av to alternativ:
1. Om du har Janome Coverpro 1000CP/CPX eller tilsvarande Elna-maskin:
Janomes original-apparat, 42 mm. Dette er apparatet for den som vil vere sikker på at apparatet passar til maskina. Mange har apparatet, så det er relativt lett å hå hjelp. Men, det er dyrt, og det brettar stoffet på baksida, slik at det blir ein tykk kant. Ja, det går forresten an å trikse det til for å få det til å la vere å brette på baksida, men det har eg ikkje prøvd sjølv.
2. Uoriginalt type A-apparat med klippebreidde 1 1/2” hjå Sharpsewing, til dømes
denne, eller
dette. Eit slikt apparat er billig, og brettar berre ein gong på baksida. Men, ein har ingen garanti for at apparatet vil passe, heller ikkje dei som det står “fits Janome” på, og ein må gjerne vere litt kreativ når ein festar apparatet.
OBS: Festeplate må kjøpast separat, og kan kjøpast hjå
Symaskiner.no.
Det var det for nå, ha ein fin kveld!