Litt klede til meg sjølv, for ein gongs skuld! Eg ammar for tida, og tenkte eg skulle lage meg ein tunika som er lett å lyfte opp for amming, med andre ord ein som har litt vidde. Denne er ein slags test av mønsteret eg har teikna.
Veldig enkel modell som er lett å få til å passe, sidan den ikkje tar omsyn til former, den berre heng ned over bryst og mage. Akkurat denne tunikaen er heilt lik framme og bak, bortsett frå sjølve halsutringinga. Det kjem nok til å fungere fint, trur eg, men eg kjem truleg til å justere litt neste gong, slik at øvre del av ryggen blir litt breiare, og samtidig flytte skuldersaumane litt lenger bakover.
Eg diggar “bishop sleeves”, så dét måtte tunikaen ha!
Bak blei rynkinga av velourstoff litt voldsom, synest eg, stoffet står utover (saumbysta er flat i ryggen, så det blir meir uttalt på meg), men dette vil heilt sikkert bli finare om ein syr tunikaen i viscose-jersey.
Halsen er teikna etter instruks i Aldrich-boka på krage som skal henge litt sånn laust og tilfeldig. Den blei ikkje akkurat slik eg tenkte, kanskje fordi stoffet er for tykt, men kragen fungerer uansett fint.
Som eit lite eksperiment, har eg sett på to halve KAM-knappar til å feste eitt eller anna av pynt framme på brystet. Kva det skal bli, veit eg ikkje ennå…
Om mønsteret elles:
-Basert på Basic block for jersey wear (Aldrich)
Grunnmønsteret er omgjort etter liknande prinsipp som for denne tunikaen.
-Armane frå samme grunnform, men omgjort til bishop sleeves ved hjelp av Armstrong si bok.
-Kragen er teikna etter instruks på “simple cowl collar”, Aldrich side 78.
Stoff og tilbehør:
-Velour frå Stof2000
-Ribb frå Stoff og Stil
-KAM-knappar frå Lykkedragen eller Ebay
Kjempeflot tunika med flotte detaljer. JEg er og blir imponert over at du lager alle dine mønstre selv!
SvarSlettNå må je snart igang, jeg har jo kjøpt bok og alt. :-)))
Klem
Knall fin tunika,flott farve !
SvarSlettDu er enormt flink til og lage og designe dine egne mønster :)
Kjempe fin tunika:)
SvarSlettTakk for koselege kommentarar! Å endre på mønster så ein får eit anna design er gøy, og ikkje nødvendigvis så vanskeleg :-)
SvarSlettKjempefin! Det der med knappene var lurt! Jeg pleier å ha noe i den posisjonen, gjerne festet med sikkerhetsnål som jeg kaller "ammesmykke/ammeleke". Har hjulpet mine barn å fokusere litt i 4-5 mndr alder når alt annet rundt er veeeldig spennende! Da kan man jo bare kneppe på ammeleken, og disse knappene er jo kjent for å være litt "harde" i kneppingen noe som i dette tilfelle er bra for da rives den kanskje ikke løs med en gang!
SvarSlettKjempe fin tunika, flott fasong og herlige farger.
SvarSlett