Eg har funne ut at eg må sy litt klede til minstejenta, ho brukar str. 68 nå og vi har ikkje særleg med klede i str. 74. Eg klipte fyrst nokre bodyar, men sylysten lot vente på seg. Men så fann eg på at eg skulle sy ein ballongkjole med litt retropreg, etter å ha kjøpt dette prikkete stoffet på salg hjå Stoff og Stil. Og eg blei så glad av å få ferdig denne kjolen at nå har eg lyst til å sy meir! Jippi!
Bisebandsfot var noko av det fyrste eg kjøpte til maskina mi, og brukte den ein del i starten. Men så har eg gløymt det bort litt, men fekk inspirasjon til å take den fram att etter å ha sett bloggen til http://groovybabyandmama.blogspot.com/. Ho er veldig god til å bruke biseband til å lage stilige effektar. I kjolen her er dei raude stripene biseband. Sydd i babycord med skolisse frå Ica supermarked inni.
Då eg teikna mønsteret tenkte eg at eg skulle ha rynking langs heile skjørtet i livet, men etter å ha sydd dette, angra eg og tok det opp att. Det øydela liksom retro-stilen, syntest eg. Eg testa med større faldar, men då blei det kluss med stoff-fordelinga for ballongeffekten nedst. Så eg endte opp med å samle”stoffoverskotet” i to buntar med små, små faldar. Godt fornøgd.
Likevel blei det ikkje liknande faldar på baksida, for då var tolmodet mitt slutt, hehe. Så her rynka eg det like mykje overalt:
Som fôr i livet på kjolen er det babycord, medan det er jersey som fôr i skjørtet. Enkelt og greitt; ballongeffekt blei laga ved å strekkje jerseyen då den blei sydd saman med babycorden.
Mønster:
-Sjølvteikna. Denne gongen hadde eg teikna ulike grunnformer frå Aldrich-boka “oppå kvarandre” på samme papir for å få ein feeling med dei ulike grunnformene, i staden for å velge éi grunnform. Og i staden for å bruke måla frå Aldrich, som brukar andre storleiksintervall enn vi er vant til (56, 64, 72, 80), brukte eg mål på str. 74 frå boka “Søm” av Rimor Haugsand (denne boka viser ikkje konstruksjon av barneklede, men inneheld ein svensk måltabell for barnestorleikar).
Stoff:
-Babycord frå Stoff og Stil. Brun jersey frå Cetho Design.
Åh! Fantastisk flott kjole! De bisebånda gir virkelig en stilig effekt!
SvarSlettSå nydelig kjole. Godt at sylysten sniker seg tilbake da :)
SvarSlettHa en super uke :)
den kjolen var råflott!
SvarSlettNydelig kjole! Rett og slett nydelig!
SvarSlettSå fin kjole, har liggande samme stoffet i hylla, kanskje eg må lage noko av det:)
SvarSlettSuperfin Annwes! Kan tenke den passer perfekt til den lille jenta deres:)
SvarSlettUtrolig fin kjole! Har samme stoff liggende, og nå ble jeg jammen inspirert til å sy noe av det :)
SvarSlettFor en flott kjole! Veldig stilig med falder og bisebånd!
SvarSlettUtrolig fin kjole, med fantastiske detaljer.
SvarSlett