19.04.2016

Om å få saumane til å treffe kvarandre

Når du syr to stoff saman på overlocken og du skal sy over to kryssande saumar: La den øverste saummonnen du skal krysse peike mot syfoten, og den nederste peike mot deg sjølv. Då vil syfot og transportør presse saumane mot kvarandre så dei lettare treff på samme plass.

Av og til har ein ikkje lyst til å brette saummonnen kvar sin veg, men heller vil ha dei samme veg. Då er ikkje Babylocken min så god, og eg synest veldig ofte at saumane møtest dårleg:

 

I kryssinga av sauman til venstre har eg vore heldig, medan kryssinga til høgre er det typiske når saummonnane ligg vendt samme veg. Eg syntest det fungerte mykje betre på den gamle Huskylocken enn på Imagine. Kom gjerne med tips til forbetring om nokon har. Er trykkfotpresset for høgt, kanskje?

Fleire jentekjolar

Samme mønster som drageryttarkjolen for nokre innlegg sidan.

Drageryttar-genser

Mellomstejenta på 7 år er glad i drageryttarstoffet eg kjøpte i Danmark i fjor (Kølkær).

Slik kan også ein babypysj vere

Barselgåve til eit vennepar.

Vårt tredje barn brukte nesten ikkje vanleg pysj det fyrste halvåret, ho sov i body med sparkepose rundt føttene. Det funka veldig fint, så sparka ho ikkje så lett av seg dyna, ein slapp lirkinga ut og inn av trange pysjbein og masse knepping oppetter pysjbein ved bleiskift om natta.

Det er ikkje så ofte eg syr nitalsopning til halsopning lenger, fordi den passar best for små barn. Og så små barn har eg ikkje sjølv lenger. Derfor moro å sy til andres små!

SoulBaby-jakke

Eit vennepar av oss fekk ein gut. Sidan mammen til guten er dirigent i det likale SoulChildren-koret, blei det ei “SoulBaby”-jakke til junior Smile. Logoen gjekk lettare å lage i Silhouette studio-programmet enn frykta. Av “children” i opprinneleg soulChildren-logo, laga eg “b” ved å speglvende “d”. “a” fekk eg ved å rotere “e” 180°. “y” blei til ved å rotere “h” 180°. Og vips…

Jakka er sydd av ullfrotté frå Janus. Bomullsribb. Flocked vinyl heat transfer frå Silhouette.

Ny kjolemodell-favoritt

Kjolemønsteret er basert på eit grunnmønster i boka til Inger Öberg. Skjørtet er sydd av eitt lag ullfrotté og livet er av to lag singeljersey. I praksis bomullsjersey, sidan det var Drageryttar-stoffet jenta ville ha. Livet er vrangsydd utanom i ermeopningane.

Rekkjefylgje i vrangsyinga:
1. Sidesaumar i skjørt. Sidesaumar og skuldersaumar ytterliv og fôr til liv.
2. Sydde dei to liva på kvar side av skjørtet, slik at saummonnen blir usynleg.
3. Halsribb vrangsydd via den eine ermeopninga.
4. Sydde ermeribbane på til slutt utan å vrangsy.

Tips til vrangsying her, men i det steget der ein brettar til ytterstoff og fôr mellom fingrane, må ein også ha med ribben.

Gutebukser, mjuke og gode å gå med

Den fyrste buksa er i deileg “jeansjersey”.

Lommene har eg sydd etter prinsippa i denne tutorialen. Tut’en er lang, men når ein har lært seg metoden, går det ganske radig.

Den andre buksa er sydd av krinkelull frå Janus, ei bukse tenkt til å ha som mellomlag på kalde dagar. Lommene er samme stoffet med vranga ut, kanta med FOE og sydd på i ein og samme operasjon. Eit forsøk kjappe lommer… Men med tykt, tøyeleg stoff, drar det seg ut og blir bølgete, sjølv med overtransportøren på. 

Symaskina mi har verken differensialmating eller justerbart trykkfotpress. Så det einaste eg kunne kome på å spele på, var å auke stinglenda. Det hjalp  ein god del. Stinglengda på båe lommene er mykje lengre enn det ser ut til, men transportøren klarer ikkje trekkje stoffet nok framover.

Julekjole 2015: Med utgangspunkt i t-skjortemønster

Slik var mine kjære små kledd sist jol. Det var ikkje eldstemann sin tur til å få nye klede i år, som ein kan sjå på bukselengda. Derimot fekk jentene nye kjolar.

Minstejenta har fått ein enkel A-form-kjole som eg sette krage på og utvida ermane i retning “bishop sleeve”*.

Mellomstejenta i raud kjole har fått ein litt meir eksperimentell kjole. Etter å ha tenkt litt og laga ei skisse, fann eg fram eit mønster eg kunne “klippe og lime” i. Mønsteret blei endra omtrent som skissene viser øverst i innlegget. Velour blei i tykkaste laget for rynking, men eg har likevel forklart litt nedanfor korleis eg har laga kjolen fordi grunnprinsippa kan overførast på andre typer stoff og plagg.

For spesielt interesserte:

*Bishop sleeve vil seie at ermane er vidare jo lenger ned du kjem, og posete nedst. Øverst syr ein i ermet i ermeholet som vanleg utan noko rynking. I motsetnad til puffermar, som er fyldige øverst. Eg likar godt bishop sleeves, dvs, heller “bishop sleeve light”. Blir dei for vide nedst, blir det fort upraktisk. Her er ein tidlegare post der eg har eit bilete av korleis mønsterdelen til eit slikt erme ser ut. Og eit vaksenplagg med den type ermar ser du bilete av her.

“Making of”, den raude kjolen:
-Mønster –utgangspunkt: T-skjortemønster i boka “Mönster och konstruktioner för barnkläder” av Inger Öberg.
-Finne storleik: Eg tok utgangspunkt i dottera mi si overvidde, og la til ønska ledigheitsvidde (dvs forskjellen på barnets omkrins og plaggets omkrins). Eg hugsar dessverre ikkje kva for ledigheitsvidde eg brukte, men vil tippe det var ca 6 cm.
-Mønsterendringar: Smalna inn i livet slik at ledigheitsvidda var den samme rundt brystet og i livet. Livet på kjolen trur eg at eg la litt høgare enn jentas midje. Trakk frå litt nederst på bakstykket og la til litt på framstykket (men utan å endre lengda i sidene)
-Halsopning: V-hals med eit stivt belegg. Knepping med KAM-knappar ned til livet bak.
-Delt liv: Båd for enkel avslutning på knappestolpen, og for at eg kunne ha ein god del meir vidde i skjørtet enn i livet (i motsetnad til den lilla kjolen, som skrår jevnt ut, og dermed relativt liten forskjell i vidde oppe og nede). NB: Om ein syr i fast/stumt stoff, må ein la kneppinga eller glidelåsen gå lengre ned enn til livet, elles vil ein ikkje få kjolen forbi enten skuldrane eller hoftene.
-Ermane: Ikkje høgt prioritert, korte ermar er lettvint å sy.
-Rynker/drapering: Omtrent som på figuren øverst. Ved sying, rynka eg fyrst saman kvar haldel i øvre del av livstykket, sydde dei deretter mot kvarandre, forsterka saumen med eit tynt band.
-Mønster til skjørt, grunnprinsipp: lage rektangel med horisontal side lik nedre kanten på livstykka (eitt om gongen) og vertikal lengde lik skjørtelengde. Klippe arket vertikalt så ein får 4-5 søyler, spre dei ut i vifteform slik at dei akkurat rører kvarandre øverst. Teikne skjørtemønster utifrå forma ein då får. 

01.03.2016

Finskjørt og nokre tips om differensialmating

Eg likar best å sy plagg av jerseystoff/strikka stoff, men av og til blir det eit plagg i fast stoff. Vel, det blei litt jersey i denne også, i form av ribben i livet. Skjørtet er sydd av eit polyesterstoff (?) eg kjøpte hjå Stofshop, Århus i 2012. Dette var forresten ein kjempeinspirerande butikk om ein skal sydameklede, utan at prisane var høge.

Mønsteret er fra Ottobre, nr. 4/2010.

Tips til å leggje opp runde bua kantar: Om eg skal leggje opp ein bua kant, brukar eg å sy langs stoffkanten ein gong med overlocken med høg diff, skal forklare nedanfor kva diff er. Deretter pressar eg kanten på plass med strykejern og syr den til slutt med coverstitch-maskin eller symaskin.

Diff/differensialmating: Å differensiere noko tyder å skilje noko frå kvarandre. Overlockmaskiner har to transportørar, dvs. dei taggete platene som fører stoffet framover. Desse er skilt frå kvarandre slik at dei kan røre seg uavhengig av kvarandre. Slik kan dei enten snurpe stoffet saman, eller dei kan strekkje det ut. Eller dei kan trekkje synkront/like mykje båe to (diff=1 eller N). Om ein syr i elastiske stoff, har dei ein tendens til å strekkje seg når dei kjem under syfoten, akkurat som ein deig blir pressa ut når du kjevlar den. Dette kan vi kompansere for med å skru diffen opp; overlock-maskina snurpar saman att det syfoten strekkjer ut. Derimot, om du har tynne stoff, snurpar dei seg så lett ved overlock-syinga, og ein kanskje må skru diffen til under 1 for å strekkje stoffet ut att.

Av og til kan ein faktisk ønskje å snurpe stoffet saman, slik som når ein skal leggje opp eit konveks bua kant i eit skjørt. Då kan ein bruke høg diff til dette. Det vil berre fungere om det du syr ikkje er for tykt eller for stivt. Funkar blant anna fint for eit enkeltlag stretch-velour.

T-skjorte med maskiner

Denne blei sydd i bursdagsgåve til ein i barnehagegruppa til minstejenta.

Stoffet er singeljersey, kantinga er ribb. Storleikslappane er frå Lykkedragen.no.

29.02.2016

Éin meter Frost-stoff blir til mange t-skjorter

Fem kusiner fekk kvar si Frost-t-skjorte i sommarferien i fjor. Eg synest det er moro når plagg ikkje er like, så dette gjeld også denne gongen! Alle er sydd i str. 7/8 år, utanom den minste, som er sydd av eit  t-skjorte-tunika-mønster str. 4/5 år.

Bukse med lommer nedover beinet, str. 4 år

Denne buksa er sydd i eit mjukt og deileg stretch-isoli. Stripene i sidene var eit spontant, kreativt krumspring, om eg ikkje hugsar heilt feil, har eg sydd ein strimmel inn i sida som ein tittekant, og deretter sydd den ned med cover-maskina. Saumen på tvers har nok med utnytting av restestoff å gjere, om eg ikkje hugsar heilt feil (buksa blei sydd i juli i fjor).

Så var det lommene, då. Eg har ofte vanskeleg for å motivere meg for å sy lommer, og er alltid på leit etter ein raskare, enklare måte å få lommer på buksene på. Her har eg klipt eit par D-forma lappar, kanta med ribb (bretta ein strimmel i to og sydd på rette mot rette). Bretta ned og sydd den øvre kanten. Deretter sydd på lappen/lomma på buksa. Eg er usikker på om eg har sydd lomma på med coverstitch-maskin eller symaskin. eg er generelt ikkje så redd for at rettsaum på symaskin skal ryke i tilfelle som dette av to grunnar; For det fyrste vil det ikkje bli noko særleg drag i langs saumen på lomma. For det andre syr ein gjennom såpass tykt lag med stoff (isoli pluss to lag ribb) at også rettsaumen på symaskina får litt elastisitet. Dobbel saum er nok likevel greitt for sikkerhets skuld (og for designets del også). Då meiner eg ikkje tvillingnål, men å sy to gonger med rettsaum.

Stoffet blei kjøpt hjå Textart medan ho framleis hadd nettbutikk. Ribb frå Hilco, trur eg.

Mjuke, gode jerseybukser til niåringen

Eg brukar å spørje barna mine kva slags plagg dei ønskjer seg. Størst suksess blir det om dei blir med inn på syrommet og kikkar seg rundt i hyllene etter stoff dei likar. Eg sørgar for at dei plukkar ut meir enn eitt, slik at det finst fleire alternativ dei likar. Eg lovar dei aldri at plagget blir akkurat slik dei ønskjer seg, for eg treng eit kreativt spelerom. Men stort sett er det suksess når dei er med og plukkar ut.

Gutungen på ni år likar best bukser i jersey med strikk i livet. Ribb nedst er eit must for han. Han er mindre frysen av seg enn meg, så desse tynne buksene er i praksis heilårsbukser.

Buksa til venstre er sydd av tre ulike stoff (turkis framme og ljoseblått bak, i tilleg til stjernestoffet). Eg hadde ikkje nok einsfarga stoff til ei heilt bukse, og dessutan likar eg godt å bryte opp plagg uansett. Buksa til høgre er rett nok einsfarga. Dette har å gjere med mangel på motivasjon og/eller tid til å gjere det vesle ekstra med mønster og klipping for å få “kombi-plagg”. Han ville ha lommer, noko eg skjønar er praktisk å ha, men ikkje alltid så motiverande å sy når buksa skal bli ferdig i ein fei. Her prøvde eg meg på å vrangsy ein lomme-forma lapp, og deretter sy den på buksa. Fòret/baksida av lappen er limegrønt, det er med andre ord ikkje nokon limegrøn tittekant. Eigentleg skulle den limegrønne sida vende ut, men vips, så hadde eg sydd dei på ein annan veg enn eg nokon augneblinar tidlegare hadde tenkt. Men pytt. I ettertid seg eg at jerseystoff ikkje er kraftig nok til å bere ei lomme, det blir lett eit lite hol i buksestoffet der lommehjørnet med mest beslastning er sydd fast. Det samme ser eg på ei av mine eigne bukser i stretch-isoli. Evt. kan ein stryke på ein liten lapp vlieselin på baksida av buksestoffet der hjørna på lomma syast fast.

Kaffe til far

T-skjorte til mannen min. Endå eit digital print-stoff (bomullsjersey) kjøpt hjå Kølkær (evt. i Videbæk) i fjor sommar. Det fanst ganske mange ulike print med frukt og sjokolade o.l.

27.01.2016

Fjorårets stoff-shopping på Midt-Jylland

Dette er ikkje ei barne-t-skjorte! Den er i min manns eige Smile

Ferieshopping på Jylland:

I fjor sommar ferierte vi i Billund, og eg tok meg ein tur opp til Ikast og vidare ut til Herning og Videbæk.

Eg hadde ein himmelsk shopping-tur til Jydsk stoflager i Ikast for ca 5 år sidan, og var dengong også ein tur til Herning. Eg var innom i Ikast i fjor også. Men utan den store sydilla lenger, og utan inntrykk av dei heilt store prismessige kuppa, førte mangelen på kortterminal til at eg raskt køyrde vidare utan å handle. (Dei tok Dankort, trur eg, men ikkje Visa/Mastercard).

Neste stopp var Kølkær stoff og hobby i Herning. Eg har ikkje flygd så godt med i stoffmarknaden dei siste 3-4 åra, men der fekk eg verkeleg sett kor mykje som har skjedd på jerseyprint-fronten! Eit enormt utval. Deriblant stort utval frå blant anna kjente filmar. Minions, Frost, Avengers, osv. Stoffet i t-skjorta ovanfor er frå Kølkær. Eg reiste derifrå med ein god del jersey-print. Pris? Hugsar eg ikkje i farta, men det var sommarsalg med 20% avslag på alle stoff, så i praksis gav lik pris i norske og danske kroner, med den dårlege kronekursen. Kølkær tok Visa/Mastercard!

Til slutt tok eg turen ned til Videbæk. Her hadde dei ikkje like stort utval som Kølkær totalt sett og spesielt ikkje på print-fronten, men dei hadde likevel eit variert utval av bekledningsttoff og nokre print dei ikkje hadde på Kølkær. Så eg syntest det var verdt turen. NB: Heller ikkje her tok dei Visa/Mastercard, så eg måtte rusle litt opp i gata for å finne minibank.

 

Her har vi min kjære, ikledd t-skjorte sydd av ein relativt tykk, stødig og god interlock-jersey kjøpt hjå Kølkær.

Båe t-skjortene er sydd av eit mønster eg laga ved å teikne av ei av t-skjortene hans. Til Minions-t-skjorta var det ikkje nok stoff, så då får ein trikse det til med innslag av andre stoff i ermane.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...