19.04.2016

Om å få saumane til å treffe kvarandre

Når du syr to stoff saman på overlocken og du skal sy over to kryssande saumar: La den øverste saummonnen du skal krysse peike mot syfoten, og den nederste peike mot deg sjølv. Då vil syfot og transportør presse saumane mot kvarandre så dei lettare treff på samme plass.

Av og til har ein ikkje lyst til å brette saummonnen kvar sin veg, men heller vil ha dei samme veg. Då er ikkje Babylocken min så god, og eg synest veldig ofte at saumane møtest dårleg:

 

I kryssinga av sauman til venstre har eg vore heldig, medan kryssinga til høgre er det typiske når saummonnane ligg vendt samme veg. Eg syntest det fungerte mykje betre på den gamle Huskylocken enn på Imagine. Kom gjerne med tips til forbetring om nokon har. Er trykkfotpresset for høgt, kanskje?

2 kommentarer:

  1. Det var eit godt poeng eg ikkje har tenkt over, plar alltid prøve å legge saummonnet same veg, men skjønar no at det er lurare å tenke motsett ☺

    SvarSlett
  2. Så flotte ting du syr! Inspirererende! Følger deg videre jeg :-)

    Veronica

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...