17.07.2014

Softshell-jakke med blomstereng

Ei av niesene mine har akkurat fylt sju år, og eg klarte å rydde tid til å sy ei jakke til henne. Den er sydd av eit softshell-stoff eg kjøpte sommaren for to år sidan, og nå var det på tide å sy av stoffet! Jakka er dekorert med siste rest av blomster-fotoprint-stoffet som har blitt kjærare og kjærare her i huset.

Mønster: Kåpe frå boka til Heilt Spesiell og Jubel, str. 122. Forkorta fordi eg ikkje hadde lang nok glidelås. Tok vekk litt på ermane også, etter å ha prøvd jakka på eigne barn undervegs. Trur eg tok vekk mellom to og tre cm av ermane. Eldstemann i huset er modell på bileta her, han er ca 130 cm lang, kanskje litt meir også, så får ein eit inntrykk av 122-storleiken. Og så er forresten spissen på hetta fjerna.

Stoff og detaljar: Softshell-stoff frå Jydsk stoflager midt på Jylland. Lilla ribb frå Hilco/Sydilla rundt hette og nedst, lilla ribb frå Stoff og Stil (trur eg) langs glidelås. Fotoprint-stoff frå Stoff og Stil. Refleks-vinyltransfer frå Sydilla.

Lomma er ein lapp som er sydd utanpå jakka, lommeposen er sydd fast i nedre del av glidelåsen før påsying på jakka.

“Detta va et løgleg prosjekt!”

I have made a jacket of softshell-fabric for my niese for her 7 years birthday! The fabric was bought two years ago on our holiday trip to Jylland/Denmark, and now it was time to make something out of it –at last. As somebody might have notices, I rarely use dark grey or black fabrics, so I wanted to add some colour. The last piece of photoprint-flower-fabric did the trick! Reflective vinyl transfer on all “four sides”, since this is a jacket suitable for windy autumn days and evenings, that in Norway tend to be relatively dark. The pocket is a simple piece of fabric that is first stitched to the zipper, then the pocket is stitched to the jacket. The pattern is from a norwegian book written by the sewing bloggers “Heilt Spesiell” og “Jubel”, and according to their style, I have used the coverstitch binder to finish the center front edges before stitching the zipper on.

4 kommentarer:

  1. For en stilig jakke! Kjempekult med den lommen :)

    SvarSlett
  2. Så utrolig flott bloggen din er! Jeg er stadig innom og henter inspirasjon:-) Nå er jeg kommet såpass langt at jeg har begynt å lure på om jeg burde fått meg overlock-maskin? Har du noen gode tips til en grei maskin?

    SvarSlett
  3. Tusen takk for gode ord, Marita! Eg har ikkje erfaring med så mange maskiner, men er litt skeptisk til dei aller billigste. Starta nemleg med billigste overlock til Husqarna og måtte skru og stille på trådspenninga i eininga. Oppgraderte til storebror-modellen, som eg har vore super- fornøgd med. Dette var forrige generasjon Huskyer, båe er ute av salg nå... Anne Kristin

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...