03.01.2014

Nå er det tid for salg!

I dag starta januarsalget i yndlings-salgs-stoffbutikken min, nemleg STOFSTEDET i Danmark. Masse fine stoff, og dei brukar å ha salg på det aller meste utanom nyheitane. Øko-tex-bomullsjerseyen kan anbefalast!

Om du er kjapp, kan du få med deg salget hjå FABELBLÅ, men berre til og med i dag, 3.jan.

Ein annan fin, dansk nettbutikk som har salg nå er MALIKA OG ROSA.

STOFF OG STIL har salg,

det samme har danske STOF2000.

Går du inn på SYDILLA nå, vil du finne ein “Januarsalg”-kategori.

Har du god tid til å gå i stoff-nettbutikk, har dei salg hjå FABRIC.COM,

og har du lyst til å shoppe hjå finnane, kan du enten gå til OTTOBRE på Etsy, eller

til MYLLYMUKSUT (der stod det i allefall rea, men eg fann ikkje så mykje salg etter ved ein lynkjapp titt…)

Dessutan er det framles fine stoff att til god pris hjå GEKKO.

 

Edit 08.01.14:

Nå er det salg også hjå KREATIV

og hjå TEXTART!

 

NB: Hugs at om ein kjøper for 200 kr eller meir frå utlandet må ein betale 25% moms på både vareverdi og frakt. Dessutan kjem det i tillegg fortollingsgebyr, om det er Posten som fortollar, stig fortollingsgebyret når vareverdien kjem opp i 1000kr. Men dei fleste butikkane vil (skal, eigentleg) trekkje frå eigen moms, så det hjelper jo litt.

3 kommentarer:

  1. Takk fot tips! SÅÅÅ mye fint på Stofstedet!

    SvarSlett
  2. Takk for tipset! Tenker jeg skal bestille, men lurer litt på hva som er lurest i forhold til toll og frakt. Holder du deg under 200 kr grensa og heller bestiller i flere omganger (jeg har gjort det slik fra USA), eller lønner det seg å bestille mye og fortolle? Eller er det andre måter?

    SvarSlett
  3. Dei fleste gongene eg har bestilt frå utlandet har eg halde meg under 200 kr, men kva som lønner seg kjem an på så mykje, så det kan variere frå butikk til butikk og kva ein kjøper. Til dømes har Malika og Rosa hatt flat og ikkje så altfor høg frakt til Norge (veit ikkje om dei har det nå lenger), og det er jo gunstig om ein vil kjøpe mykje.

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...