27.09.2013

Eit klippe-spørsmål

korleis klippe

OK, her kjem eit synerd-innlegg ;-)
 
Tak ein titt på figuren over: Lat oss seie at eg skal klipppe i eit stretch-stoff, og sidan det har blitt klipt i før, har det omtrent fasong som på teikninga (stretch sidevegs). Spørsmålet er kva for type form på restestoffet eg ønskjer når eg har klipt ut det eg skal. Enten “A”: Eit breitt og kort restestykke, eller “B”: Eit smalt og langt restestykke. Har det noko å seie i det heile tatt? Kanskje ikkje, veit ikkje. Det er det eg prøvar å finne ut… Så eg tenkte å høyre med dykk andre:
 
Er eitt av klippealternativa lurare enn det andre? I såfall kva for eitt? (Begrunn i såfall gjerne i kommentarfeltet :-)
 
 
 

OK, here comes a sewing-nerd post :-) Take a look at the drawing above. Let’s say it is a stretch fabric (stretch horisontally). The question is what shape I want the rest of the fabric to have after I have cut the pieces I need for now. Either “A”: a broad and short piece, or “B”: a narrow, long piece. Does it matter at all? Maybe not, I don’t know. That’s what I’m trying to find out… So  I thought I should ask you:

Is one of the two cutting alternatives smarter than the other? If so, which? (see frame above). And if so, you’re welcome to tell me why by placing a comment :-)

24.09.2013

Hs&J baggylue!

Baggy-lue mønster Heilt spesiell og Jubel

Mønster: Boka til Heilt Spesiell og Jubel, den største storleiken. Eg synest eigentleg den blei litt stram til eldstemann (omkrins 53 cm), men passa fin til minstejenta (51 cm). Men ser kanskje litt vel stor ut til henne?

Eg klipte delane etter skissa i boka og infoen på sjølve mønsteret, utan å lese teksten. Det resulterte i feilklipp, med saum på kvar side i staden for midt bak til fylgje. *Lese teksten neste gong*

Stikning framme på bremmen: Eg hadde ikkje ledige trådsneller i fargen eg ville ha, så eg sydde stikninga med overlocken (sjå det øverste biletet). Det gjorde eg ved å kople ut kniven, i tillegg til at eg har ein syfot til overlocken som fører stoffet med konstant avstand frå nålene sidevegs. Har ikkje brukt den slik før, men det fristar til gjentaking!

Stikning med overlock-maskin, uten kniv

Stoff: Jersey kjøpt hjå Tygladan i Vänersborg (tygladan.se). Fora med einsfarga, gul jersey frå ??

This beanie is made from pattern in the book of Heilt Spesiell and Jubel. The top stitch is made by using the overlocker/serger, not using the knife, but using a special foot that makes constant length between fabric edge and needles.

New Old

Just some photos of last evening’s finished garments… Size 7. My son likes best the clothes he is used to wear, rather than new clothes. (You got such a kid too,  you said? ;-) But either the clothes get worn out or the child’s arms get too long; we know the clothes can’t be used forever! (Sorry, son, that’s the way it works…)

But: We can make some new ones from the same fabrics as the favourites! Yippi!!

(Original photos by Øysteins foto, Mandal and Ariel Foto, Vestby)

22.09.2013

Å vrengesy / Tips for Sewing Lined Garments

Då eg sydde pysjamasen i forrige innlegg, tok eg nokre bilete av korleis eg vrengesydde (vrangsy? vrengesy? vrengsy?…) ermeribbane. Kanskje det er fleire enn meg som synest det er vanskeleg å halde tunga beint i munnen når ein skal sy plagg med fôr, og som har lyst til å sjå nokre bilete.

I took som pictures when sewing the lined pyjamas in the formes post. I think it’s difficult to sew lined garments, and thought maybe somebody else wanted to see some pictures of the process ;-)

Utgangspunktet / At start:

Pysjen utgjerast av to dressar (ytterstoff og fôr) som heng saman i halsen og langs beina. Vendeopning i sida på fôret.

The pyjamas now consists of two dresses (shell and lining) joined at neckline and along the legs.

Hovudpoeng nr 1:
First clue:

Legg plagget slik det skal vere når det er ferdig, dvs med rettsida av ytterstoffet vendande ut osv.
Place the garment like it is supposed to be when finished. I.e. right side of the shell/outer fabric facing outwards, and so on.

Eg trur det er lettare å sjå neste poeng utan å take med ribben, som om du skulle sydd ei fôra vaksenjakke i vevd stoff:
I think the next clue is more easy to show witout the rib, like you would sew a women’s coat in woven fabrics:

Før handa inn gjennom vendeopning (her har eg fyrst gått inn i plagget via halsopninga og deretter funne vendeopninga), vidare ut til enden av ermet, sjå bilete.
Move your hand into the opening in the lining, and further to the end of the sleeve (picture)

Hovudpoeng nr. 2 / clue no. 2:

Tenk framleis på korleis plagget skal vere ferdig; jo, då skal stoffenden på ytterstoffet ligge bretta mot vranga, det samme skal fôrstoffet. Og naturlegvis ein saum som held dei to saman. Så vi brettar noko liknande:
Still, think about how it is supposed to look like finished; the fabric edges will be folded towards the wrong side, and with a seam to fix, them of course. So we fold something like it:

Her med ei hand teikna inn: Here with a hand drawn in:

Hovudpoeng nr 3 / Clue no. 3

Og nå, hald fast! Dra stoffet ut gjennom vendeopninga, ikkje slepp, før…….
And now: Hold tight! Pull the fabric out of the opening in the lining, and don’t let go until…..

…..du har festa ei knappenål!
…..you have placed a pin!

Nå kan du sy!
Off you go sewing!

Med ribb:
With rib:

Samme som sist; gjennom vendeopning, brett til, men nå skal ribben mellom ytterstoff og fôr.
Same procedure; going through the opening in the lining, fold fabric edges, but this time there will be rib between shell and lining.

Ikkje den beste teikninga, men… Not exactly the best drawing…

Dra ut, knappenål! Pull and pin!

Sydd / when stitched:

Resten er planke-køyring, det klarer du fint ;-)
From here it is piece of cake, you’ll do great ;-)

Fôra pysj / pyjamas with lining

Toåringen trong ein varm pysj, og i mangel av eit tykkare ullstoff blei det ein fôra pysj. Og så fekk eg også testa ut heildress-mønsteret til Heilt spesiell og Jubel (heretter kalla Hs&J)!

The two year old needed a warm pyjamas. I didn’t have a suitable thick fabric, so I made a pyjamas with lining instead. And tested the pattern from the new sewing book of the bloggers “Heilt Spesiell” og “Jubel”!

Pysjamas sydd etter mønster på heildress i boka Sy glade klær til glade barn av Heilt spesiell og Jubel/ Kristin Thorsnes og Ane Sund 

Om mønsteret frå boka til Hs&J: Str 92. Jenta er ??cm lang, 90-92 cm? Mønsteret er meint for singel jersey, men var langt nok i ryggen til at det funkar med interlock (som ikkje har stretch i lengderetninga, derimot føyer det seg godt i breidda). Mønsteret er meint å vere utan ribb i ermar og bein, men “kantebandsapparat-ribb”, og med knepping på innsida av beina og i skrittet. Eg såg for meg at jenta kjem til å rive opp kneppinga i skrittet og kle av seg, og eg erstatta derfor kneppinga med usynleg glidelås.

The pattern is made for single jersey, but I have used interlock for shell and a thin, ribbed wool knit for lining. Instead of buttons at the leg inside, I have placed a zipper running from one ancle to the other (to prevent the girl from taking tha pyjamas off by herself when she’s not supposed to).

Slik var framgangsmåten for dress med fôr / this is the way I sewed the dress with lining:

-Sydde på kile på bakstykket på ytterstoff og fôrstoff
Stitched gusset on back shell piece and back lining piece

-Usynleg glidelås på ytterstoff, eine halvdelen på framstykket og den andre halvdelen på bakstykket
 Invisible zipper to shell; one half to  front piece and the other half to the back piece

Biletet under er tatt på eit seinare tidspunkt, men viser ei skisse av glidelåsen, “topp-punktet” på glidelåsen ligg rett ovanfor saummonnen. I andre enden er glidelåsen klipt av kant i kant med stoffkanten. Du treng altså ikkje ha eksakt glidelåslengde, så lenge den er for lang.

The picture below is taken at a later point in the process, but show a a sketch of the zipper. The “top point” of the zipper is placed just above the seam allowance. In the other end, the sipper is cut at the level of the fabric edge. You don’t need exact zipper length, as long as it is too long!

-Fôr-delane blei sydd på på andre sida av glidelås-delane
Lining pieces stitched to the opposide side of the zipper parts

-Sydde ribben i halsutringinga
Neckline rib

-Ermar på bakstykke og forstykke (men utan  å sy ermane til røyr)
 Sleeves to front- and back piece (but without stitching them to tubes)

-Ermesaum og sidesaum i eitt på ytterstoff
 Continous sleeve- and sideseam on the shell

-Det samme på fôret, men med vendeopning i sida
 Likewise on the lining, but leaving an opening in the side

Slik såg det ut nå (vendeopninga markert):
This is how it looked like at this point (opening at the side marked):

-Deretter sydde eg i ribb i ermane, dette kjem det eit eige innlegg om
 At this point I stitched the rib at the wrists, there will be a separate blog post about this

-Ankelribb; sydd på samme måte som eit ufôra plagg (saummonnen altså synleg på innsida av plagget)
 Ancle rib, stitched as I do when garments are not lined (i.e. visible seam allowance on the garment inside)

-Sydde igjen vendeopninga
Closed the opening in the lining side

Konklusjon: Nå har eg jo endra ein del på mønsteret mtp ribb og glidelås, og har sydd i anna stoff enn det mønsteret er meint til. Men alt i alt har eg fått eit godt inntrykk av mønsteret. Det er ganske mykje styr å sy fôra plagg, særleg med den der glidelåsen i tillegg, så det må gå litt tid mellom kvar slikt plagg…

EDIT 14.10.13: Jentungen har protestert på å ha på seg denne, og ho klarte etterkvart å formidle at det var vondt ved ankelen. Årsaka var at enden på den avklipte glidelåsen var spiss og stakk henne, stakkar. Så saummonnen med glidelåsenden i må altså dekkast til.

Conclusion: Sewing a lined garment is quite time consuming compared to a garment witout lining, especially when including a zipper. Not an everyday project for me, but ok once in a while…

EDIT: My daughter didn’t want to wear this pyjamas until I realized that the end of the cut zipper scratched her ancle, poor girl... Hence, the seam allowance with zipper end in it has to be covered.

18.09.2013

Mitt midlertidige syrom

Der vi bur nå skal vi ikkje bu så veldig, veldig lenge. Det var i det heile tatt ein kjempebonus at det fanst eit rom i kjellaren som kunne brukast til noko meir enn lager, og det har blitt sy-/ datarom. Endeleg har eg fått rydda det såpass at eg kunne take litt bilete ;-)

Vi startar med å sjå diagonalt gjennom rommet:

Så går vi bort til strykejernet og snur oss mot høgre. Då får vi sjå sjølve sykroken på syrommet:

Eg likar godt å kunne sitje på samme stol og berre snurre rundt frå maskin til maskin :-) På veggen heng det ei stoffkledd sponplate med masse spikrar som krokar (midlertidig syrom= kjappe, enkle løysingar, med forsøk på å ikkje lage altfor mange hol i veggen…)

Vi går ut på golvet att for å sjå sykroken frå ein litt annan vinkel:

Pfaff Performance 2058, Huskylock 910, Janome Coverpro 1000CPX

Om vi snur oss mot høgre nå, og ser dit vi stod aller fyst, ser vi den aller vakraste delen av rommet, nemleg datakroken *fnise*:

 

Så  kan vi gå bort til data’n, og snu oss mot høgre, så får vi sjå klippebordet og den største stoffhylla:

I nedre, høgre hjørnet på biletet er det ei kasse med Playmobil-leiker. Fint om barna kan kose seg og leike medan mor syr ;-) Ein stall har vi også:

We are not going to live where we live now for a very long period of time. Actually this room is a big bonus; when the we agreed to rent this place, we didn’t know that there was a room in the basement that could be used for more than storage. At last I have managed to tidy the room enough to take some photos :-)

If you start at the top picture, the first corner is the ironing corner, next corner in clockwise direction is the sewing corner, then comes the very beautiful computer corner, and the fourth corner is the cutting corner.

Innimellom barnekleda…

…kjem eitt og anna større plagg. Eg jobbar med mønster til omslagstopp som kan brukast som ammetopp, og då blir det nokre testutgåver innimellom. Her er ein test i min eigen storleik:

 

Hihi, endeleg fekk eg brukt den vareprøva på raud lebestift som berre har lege i ein skuff i laaaaang tid :-)

I’m working on my pattern for top that can be used as nursing top. This is a test top.

Stoff: Tygfabriken, Karlstad

17.09.2013

Sommaren har blitt til haust…

…og det er ei stund sidan desse sommarkleda blei sydd.

“Sykkelkjole”-sett til ei niese som fylte år…

Og ein “guttetights” til bror hennar som fylte år samme dag…

Og ei Ottobre-haremsbukse av eplestoff-restane…

Summer has become autumn, and it’s been a while since these clothes were made and used. A “bicycle dress” set for my niece, and a “boy’s tights” for my nephew.  And a pair of harem pants, patterns from the Ottobre magazine.

Have a nice autumn!

16.09.2013

Krage!

Tunika sydd av Fordon-stoff frå JNY Design

Eg likar kragar, og då eg var innom JNY Design sin blogg her om dagen blei eg veldig inspirert! Så eg sydde på eit rektangel med litt overlapp til krage på ein tunika. Det er rom for forbetring, men alt i alt blei eg godt fornøgd. Eg tenkte ikkje på det før etterpå, men  velourstoffet med køyrerøy på kjem faktisk frå JNY :-)

I like collars, and when I saw a very cute tunic made by JNY Design, I got inspired and made this tunic. The collar is made of  a rectangle. There’s room for improvements, but still, I like it! In fact, the lovely fabric actually comes from JNY Design too, I realized after making the tunic!

Stoff: Velour med køyretøy er designa av Johanna Ahlard og det er JNY Design som har fått produsert det. Eg trur eg kjøpte det hjå Fabelblaa.no. Det stripete stoffet er stretch-isoli kjøpt på Jydsk stoflager, og stoffet på baksida av kragen er jersey kjøpt på Tygfabriken i Karlstad. Ribb frå Stoff og Stil.

15.09.2013

Fyrste kleda frå HS&J-boka!

Tøffing-bukse mønster fra Heilt Spesiell og Jubel sy glade klær til glade barn av Kristin Thorsnes og Ane Sund

Tøffing-bukse mønster fra Heilt Spesiell og Jubel sy glade klær til glade barn av Kristin Thorsnes og Ane Sund

Genser, mønster fra Heilt Spesiell og Jubel sy glade klær til glade barn av Kristin Thorsnes og Ane Sund

 


Boka til Heilt Spesiell og Jubel er så inspirerande at eg  måtte sy med ein gong! Eg likar stilen deira veldig godt, og det er kjempemoro å sy klede i friske fargar! Eg kjente på det i går kveld, at å kombinere stoff er ikkje så lett (eller så er eg berre veldig kresen på kva eg synest passar saman…), men det gjer det også moro å lage plagg :-) Og så er det ein bonus med denne stilen; eg kan hente stoff i resteskuffen, og dermed få brukt stoff som nesten har vore gitt opp!

Desse kleda er sydd i str. 116, jenta er 115 cm lang.

Om buksa: Boka inneheld eit buksegrunnmønster som går att i mange ulike modellar, der til dømes lommedetaljane varierer. Eg hadde eigentleg bestemt meg for å sy lommeposar på innsida som syast fast med ein brei saum som blir synleg på utsida av buksa, men då eg hadde klipt ut delane, gjekk det opp for meg at eg hadde klipt ut utanpålommer, hehe, så då blei det dét. Ein må halde tunga beint i munnen når ein klipper, altså, men ein fin modell blir det nå uansett :-)

Det er litt uvant for meg at ribben i beina går såpass langt opp, og får liksom trang til å sy neste buksa i ein storleik større, men det er kanskje slik den skal vere?

Den høgre lomma (til venstre på biletet) er kanta med ribb, ein ser den er litt buklete i lommeopninga. Så då eg sydde den andre, kanta eg med interlock. Det blei det glattare kant av.

Det står at 0,5 cm saummonn er inkludert. Det vil seie at når skjerebreidda på overlocken står på 0,5 så skal stoffet liggje heilt inntil overlockkniven under sying, men ingenting skal klippast av. (Har eg forstått boka rett?) Eg klipper så godt som alltid 1 cm saummonn til vanleg, men tenkte at eg skulle prøve å klippe slik det stod, og sy med 0,5 cm. Men eg fann ut at det blei for smalt, velouren sklei, og saumen greidde ikkje famne om nok stoff, med hol i skrittet som resultat.  Så genseren blei klipt med 0,5 cm saummonn i tillegg til dei inkluderte 0,5 cm.

Om genseren: Litt korte ermar, ikkje sant? Eg syntest det var synd dei hadde bomma såpass mykje på ermelengda, inntil eg oppdaga at eg hadde klipt feil… Etterpå har eg målt armlengda på jenta vår, og den samsvarer veldig godt med mønsteret på erme utan ribb-mansjett.

Genseren sit nesten litt stramt rundt rompa, særleg fordi ribbkanten nedst strammar litt. Eg har klipt ein ny genser i samme mønsteret (med riktig ermelengde ;-), og den har eg klipt ørlitte grann utskråande ned mot hoftene, og med vanleg oppleggskant i staden for kant med kantebandsapparat. Så får vi sjå om det kan funke betre.

Opp-ned-coversaumen ein ser i raglansaumane på biletet under måtte eg øve meg litt på, til slutt blei det bra. Men de andre som har sydd slike pyntesaumar før; brukar de kortare stinglengde slik at det blir meir farge på “streken”?

English:

The two norwegian bloggers Heilt spesiell and Jubel have written a book with patterns for children’s wear, size 56-128 cl. (Take look at the former blog post, link to the book from the first picture in the post). I think their style is quite illustrative of the norwegian-swedish trend in the world of sewing moms. The preordered books are just released, and the rest will be for sale in book shops later in September. Adlibris.com will soon have it available in Sweden and Finland, everywhere else I’m not sure how to get it. The book is in norwegian, but an hobby sewer with some experience will be able to sew many of the garments without instructions, as long as key instructions are understood (like: 0.5 cm seam allowances included). If anyone wants to give it a try, I can help (can’t promise I’ll translate the whole book, but I can help finding the right pattern sheet an stuff like that ;-)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...