29.11.2011

Sjå, ein spekkhoggar!

Spekkhoggarar er populære her i huset. Og spekkhoggarar er takknemlege å teikne, for dei har reine linjer og store flater med jevn farge (om ein kan kalle svart og kvit for farge…). Så eg kasta meg ut i det, og laga ei bukse med spekkhoggar-applikasjon!

DSC_0123

DSC_0128

DSC_0130beskjart

DSC_0132

DSC_0133

Om mønsteret:

Eg har prøvd ein del variantar av trouser-draft både etter Armstrong og Aldrich, utan å bli heilt fornøgd. Denne gongen har eg samanlikna dei to frofattarane sine bukser, og endte opp med ei bukse som liknar mest på Armstrong sin “slack foundation” hjå Armstrong, men eg har blant anna brukt mål frå boka til Aldrich. Og eg synest resultatet blei bra.

Om spekkhoggaren:

Google “killer whale”, og du får plenty av spekkhoggar-bilete. Eg fann eit eg likte, putta det inn i fotoredigerings-programmet vårt (paint.net) og skalerte opp til passande storleik. Printa ut, la vliesofix oppå og teikna rundt. Eg tenkte at det kanskje ville bli litt klumpete med fleire lag oppå kvarandre, så eg klipte svart stoff berre der kvalen er svart og kvitt stoff berre der han er kvit. Det skjøna eg etterpå at var utan poeng estetisk sett, og skapte berre unødvendig mykje arbeid. Så om det blir ein neste spekkhoggar, skal eg klippe heile kvalen i svart, og så skal eg leggje dei kvite felta oppå det svarte.

Stoff:

-Mørkeraud stretch-cord frå Stoff og Stil (eg prøvar å overtyde gutungen på snart fem om at gutar også kan gå i raude bukser, men det er førebels svært usikkert om eg lykkast)
-Ribb i livet frå Hilco (3,5 cm breitt strikk inni)
-Svart og kvit velour frå Stoff og Stil
-Stikningar i oransje dongeritråd frå Stoff og Stil (sydd med broderinål frå Stoff og Stil…)

1 kommentar:

  1. Flott bukse og søt gutt! Vi liker enkle applikasjoner i sort/hvit!

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...