02.11.2011

Klar, ferdig, bak! Forkle + tutorial

DSC_0865kvit

Barneforklede! Eg synest forkleda i blomsterstoff blei friske og fine, medan fireåringen i huset straks la sin elsk på Cars-forkledet. Vil du også lage? Sjå lenger ned i innlegget :-)

DSC_0858

DSC_0859

DSC_0862

Slik lagar du eit slikt forkle (str. 3-6 år++):

Teikn mønster for halvt forkle ved å fyrst teikne to rektanglar inntil kvarandre slik skissa under viser.

forkleskisse

Deretter teiknar du inn kurver på mønsterarket. Legg eventuelt til kant til å brette ned om du vil ha dét i staden for skråband på toppen.

forkleskisse2

Sy:

Sy på skråband (bias tape) i rekkjefylgja som skissa viser (Klikk på biletet for å forstørre).

forklerekkjefylgje

Sjølv likar eg at ein kan  ha forkleet nokså langt oppe på brystet, for då kan ein bruke forkleet som smekke også. Eg har derfor sett knapp (punkt nr. 5) på både etter ca 35 cm og ca 40-45 cm. Om ein vil ha ein enklare variant, kan ein naturlegvis la skråbandet gå i eitt frå eine sida, bak nakken og ned andre sida, berre pass på at det blir plass nok for hovudet å kome gjennom! På desse forklea har eg brukt KAM-knappar (1 1/2 knapp).

EDIT nov. 2013: Like greitt å kutte ut knappane og sy “blå nr 3” og “grønn nr 4” i eitt. Om ein lar hals-skråbandet vere ca 40 cm, og plussar på dei oppunder 18 centimetrane øvst på forkledet, blir opninga for hovudet oppunder 58 cm. Dette skulle gå greitt å tre over eit barnehovud.

Ha det fint på kjøkkenet saman med barna!

DSC_0861kam

Materiale:

Blomsterstoff i kraftig bomull frå IKEA. Cars-stoff (trykt bomull) frå Jysk. KAM-knappar str. 20 (eg har berre str. 20). Skråband frå Stoff og Stil.

3 kommentarer:

  1. Takk for tut! Jeg skal prøve meg på dette i dag =)

    SvarSlett
  2. Takk for super oppskrift! Jeg lagde et forkle til 4-åringen i går kveld av noen rester, gjort på veldig kort tid. I dag er det i bruk i barnehagens pepperkakebakedag :-)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...