Jammen var det ikkje litt att av racerbil-stoffet som eldstemann har vore så veldig glad i! Nok til front og rygg på ein genser. Eg likar å kombinere fleire stoff i eit plagg, det kjem godt med når det er lite att av kvart stoff :-)
08.06.2015
Skjørt til to bursdagsjenter
Dei fekk like skjørt, bortsett frå namnet på vranga. Fint å få bruke Silhouette-maskina av og til, det er ikkje mykje den blir brukt…
Mønstert er det samme som eg sydde dongeri-jersey-skjørt for nokre innlegg sidan. Mikke-stoffet er interlock.
Når ein ikkje har nok stoff til ei bukse
Buksekne utan hol (?)
Gutungen i huset slit hol på knea på det meste av bukser. Men eitt tiltak har eg tru på meir enn andre.
Som de ser er knea på buksa i eit anna stoff. Poenget er ikkje utsjånaden, men at stoffet på knea er rotert 90°, slik at stretchen ikkje er i breidda som på buksa elles, men i lengderetninga. Så når det kjem drag når barnet set seg ned på knea, gir buksa etter i staden for å revne. I allefall i teorien, men eg trur ikkje det er så verst i praksis heller :-)
Mønster: Mønsteret eg hadde testa i forrige innlegg.
Stoff: Velour. Den stripete er frå Stof2000.
07.06.2015
Testbukse
Eldstemann har vakse ut av buksene sine, og eg laga nytt buksemønster. Han likar best bukser i joggebukse-stil. Han likar ikkje sagge-bukser, og dermed må sitjehøgda vere passeleg. Dvs høgda mellom skrittet og livet. Å få rett sitjehøgde i buksa er noko av det vanskelegaste når eg teiknar barnebuksemønster, og denne gongen blei det for stort mål. Strikket på den ferdige buksa blei sitjande på nedre del av brystkassa når han hadde trukke buksa så langt opp som han ville ha den. Easy fix: lage ein horisontal fald på vranga og “sy den av” med overlocken, derfor ein ekstra saum nedanfor linninga i livet. Funkar så fint, att :-)
Skjørt i dongeri-jersey
Her er det skjørtet som er det nye plagget. Eg gløymde å fotografere det for seg sjølv, slik eg brukar å gjere med nye plagg. Og jentungen var så glad for det nye skjørtet at ho like godt tok det utanpå shortsen ho allereie hadde på seg :-)
Skjørtet er sydd av dongeri-jersey kjøpt av Sydilla, ein litt tykk jersey, stødig stoff, men likevel med stretch. Har lyst til å sy eit slikt til meg sjølv etterkvart. Mønsteret er frå Inger Öberg si bok, grunnmønsteret for skjørt. Skjørtet er sydd i sstr. 122/128, men lengde svarande til 116. Utanom justering av lengda, senka eg midjen 1 cm på framstykket (skrådde jevnt ned slik at det midt framme blei 1 cm lågare enn opprinneleg). Den mørke stripa nederst på skjørtet er ribb bretta dobbelt. Den lilla stripa midt framme er pynt for å skjule saumen i ribben, i ein ukonsentrert augneblink sydde eg på ribben feil veg. Då er det ofte raskare og like greitt å spille med ved å setje på nokon ekstra detaljar, enn det er å sprette opp og sy på nytt.
Grå og lilla genser frå HS&J-boka
Sydd av stretch-isoli frå Hilco/Sydilla. I hetta er det Campan/jersey, også denne frå Hilco/Sydilla.
Stjerner på rosa bakgrunn
Fargane på denne kjolen er gjengitt heilt feil… Betre på sjølve kjolen som ei jente fekk til bursdagen sin.
Kattar på lilla bakgrunn
Til eit bursdagsbarn…
Stoffet er kjøpt av Olivias, det sammen gjeldstoffet i berestykket. Begge deler jersey.
22.04.2015
Katte-t-skjorte med nitalsopning
Denne t-skjorta i str. 128 er sydd etter samme mønster som t-skjorta i forrige innlegg, men med “nitalsopning”. Eigentleg blei nitalsopninga designa for baby- og småbarnsplagg for å få ei utvidbar halsopning utan bruk av knappar og med litt stil. Som alternativ til konvolutt-opninga ein ofte ser på bodyar. Når barna blir litt større, er halsopninga på plagget gjerne så stor at ein ikkje treng knepping eller liknande. Både fordi større storleik totalt sett gir større strekk i kanten på halsutringinga, men også fordi forskjellen på hovud og hals minskar med alderen. Halsen på eit nyfødd barn er spinkel samanlikna med storleiken på hovudet. Av samme grunn sit dei motsett veg i bilen, den smale halsen tåler dårleg at det store hovudet blir slynga framover i ei møteulykke. Men nok om det. Sidan denne halopninga er signaturdesignet mitt, er det moro å bruke det av og til. Nå har eg ikkje baby i huset meir, så det blir brukt som eit reint designelement.
Mønsteret er teikna slik at det går litt nedanfor hoftenivå. Det er ein relativt smal modell, og sidan overvidda gjerne er mindre enn hoftevidda på eit menneske, skrår plagget litt ut for ikkje å sitje stramt rundt hoftene. Gutte-t-skjorter, derimot, er vanlegvis designa så vide rundt brystkassa at dei også ligg laust rundt hoftene.
Jersey med kattar og jersey med små sirklar er kjøpt hjå Olivias. Det raude prikkestoffet i ermane er frå Textart ein gong i tida.
The No 9-opening was originally designed as an alternative to buttons on garments for babies and small children. Babies have large heads compared to the neck. In garments for older children, the neck opening serves no big practical purpose, but as it is kind of my signature-design, I like to use the design now and then, just for aesthetical reasons.
21.04.2015
01.04.2015
Musikalske t-skjorter
Eldstemann var i dobbelbursdag til eit par gutar som fylte åtte år. Sidan bursdagsbarna kjem frå musikalske familiar, tenkte eg at eg skulle bruke gitarstoffet eg kjøpte på Symessa i november. Den eine har namn på E og den andre på F, dette gav notevalet på t-skjortene. G-nøkkelen og nota kjøpte eg på Silhouette-nettbutikken. Eg blei veldig godt fornøgd med t-skjortene, og synest det blir veldig fint med den der Silhouette-maskina som klipper ut vinyl-strykemerker!
Genser med søte kattar
Denne genseren er sydd til ei jente som fylte 6 år nyleg. Det søte kattestoffet kjøpt hjå Olivias passa godt :-) (Fargane er dårleg gjengitte, altså)
Jenta er slank, og dermed sydde eg ein slankare variant enn dei genserane eg syr til eigne jenter. Enklaste måten å gjere dette på, er å bruke samme mønster, men ein storleik mindre (evt. to, hugsar ikkje kva eg gjorde her), og så auke lengda på ermar og nederst på genseren slik at lengdene svarar til barnets lengde (ermelengda og rygglengda/frontlengda i den storleiken som svarar til barnets lengde).