Denne t-skjorta i str. 128 er sydd etter samme mønster som t-skjorta i forrige innlegg, men med “nitalsopning”. Eigentleg blei nitalsopninga designa for baby- og småbarnsplagg for å få ei utvidbar halsopning utan bruk av knappar og med litt stil. Som alternativ til konvolutt-opninga ein ofte ser på bodyar. Når barna blir litt større, er halsopninga på plagget gjerne så stor at ein ikkje treng knepping eller liknande. Både fordi større storleik totalt sett gir større strekk i kanten på halsutringinga, men også fordi forskjellen på hovud og hals minskar med alderen. Halsen på eit nyfødd barn er spinkel samanlikna med storleiken på hovudet. Av samme grunn sit dei motsett veg i bilen, den smale halsen tåler dårleg at det store hovudet blir slynga framover i ei møteulykke. Men nok om det. Sidan denne halopninga er signaturdesignet mitt, er det moro å bruke det av og til. Nå har eg ikkje baby i huset meir, så det blir brukt som eit reint designelement.
Mønsteret er teikna slik at det går litt nedanfor hoftenivå. Det er ein relativt smal modell, og sidan overvidda gjerne er mindre enn hoftevidda på eit menneske, skrår plagget litt ut for ikkje å sitje stramt rundt hoftene. Gutte-t-skjorter, derimot, er vanlegvis designa så vide rundt brystkassa at dei også ligg laust rundt hoftene.
Jersey med kattar og jersey med små sirklar er kjøpt hjå Olivias. Det raude prikkestoffet i ermane er frå Textart ein gong i tida.
The No 9-opening was originally designed as an alternative to buttons on garments for babies and small children. Babies have large heads compared to the neck. In garments for older children, the neck opening serves no big practical purpose, but as it is kind of my signature-design, I like to use the design now and then, just for aesthetical reasons.