Sidan forrige innlegg har vi (Mann, kone, eldstegut på 7 1/2, mellomstejenta på 5 1/2 og minstejenta på 3) flytta frå Oslo til Kristiansand, og deretter har eg “flytta” tilbake til Oslo i form av at eg vekependlar i haust. Hybelen er syrom, og eg har fått sydd litt, sjølv om ettermiddagane og kveldane flyr overraskande fort av stad til andre ting. Men nå, nå skal det bli eit blogg-race!
Her er eit bilete av hybelen, her ligg eg om natta med hovudputa mellom søyler av fargerike stoff, vel, fargerike så lenge nattlampa er på, i allefall! “Under” biletet er det klippebord/sybord/TV-bord/PC-bord (men alt på éin gong er ein smule vanskeleg ;-) Det er trongt, og syinga går derfor litt seinare enn før, men det går!
Og forresten, eg har lyst til å vise fram dei fyrste bileta frå stova vår i Kristiansand, etter at eg måla den kvit i sommar (bileta er tatt med mobilkamera i kveldinga, så veggen ser ikkje heilt kvit ut alle stader, hehe):
Sofaene er utslitte i stoffet, så når vi har funne ut korleis huset vårt skal bli på sikt, skal vi få oss nye. Eller kan det lønne seg å trekkje om, nokon som veit? Dei er gode å sitje i, er liksom for galt å berre kaste dei på dynga…
Medan vi har budd i Oslo, har eg samla idéar og drøymt om korleis huset vårt i Kristiansand kan bli, og her er eit par idéar sett ut i livet: Til venstre har eg tapetsert bakplata på vitrineskåpet med tapet frå PIP studio. Eg har kikka i diverse butikkar både fysiske og på nett, det er mange interiørbutikkar som har dei, men som regel berre som bestillingsvare. Då eg kom over tapeten på Maxbo på Alnabru til eit par hundrelappar under det dei kostar elles, klarte eg ikkje å la vere å kjøpe eit par rullar :-) Eg synest det blei akkurat så fint som eg hadde håpa på, jippi, eg frydar meg å sjå på den tapeten! LED-ljoset er frå IKEA.
På biletet til høgre har eg spent opp stoff frå den japanske designaren Echino på målelerret. Og så har eg testa ut korleis det går å spraymåle gardinstenger med turkis Quick bengalack!