04.05.2014

Bodyar og nokre ord om interlock vs. jersey

Mønster: Heilt Spesiell og Jubel-boka. Str. 104 i breidda, forkorta til 98 i lengda.
Stoff: Interlock designa av Johanna Ahlard. Kjøpt av Cetho den gong den butikken eksisterte.

 

Mønster: Eige, men med skulderopning frå boka til Heilt Spesiell og Jubel.
Stoff: Interlock, også denne kjøpt av Cetho.

Denne halsopninga har ikkje vore min favoritt estetisk sett. Men den er så rask å sy at den redda bodyen frå å ligge umontert. Det var så raskt at eg til og med fekk tiltakslyst til å setje på eit merke framme, noko som i utgangspunktet ikkje var aktuelt.

Interlock har gått litt av moten, har eg inntrykk av, nå er det mest (singel-)jersey å finne når det gjeld stoff med print. Eg brukar ikkje interlock mykje sjølv heller. Her er nokre ord om (bomulls-)interlockens eigenskaper: Interlocken er dobbelstrikka, og er dermed litt tykkare enn jersey. Det gjer også at den ikkje rullar seg i kantane, og det gjer den mykje meir handterleg å sy av. Den vidar seg lett i breidda, men trekkjer seg ikkje like godt saman att, slik jersey gjer. Interlock kan derfor av og til bli litt “slaskete”, men den fungerer veldig fint på tettsitjande plagg som bodyar og singlettar. Då føyer den seg fint etter kroppen, og blir ikkje sitjane som eit pølseskinn på samme måten som jersey kan gjere om plagget er litt smalare enn kroppen. Nokre ord om tøyelegheit i lengda høyrer også med, for interlocken strekkjer seg veldig lite i lengda. Det er medverkande grunn til at den er lettare å sy i enn jersey; saumen bølgar seg ikkje like lett. Men det gjer også at eit barn ikkje kan vekse like lenge i ein interlock-body eller –sparkedress enn i ein av jersey. Korleis ser ein forskjell på interlock og jersey i praksis? Om ein ser nøye på stoffet, har det vertikale riller både på fram- og baksida. Vranga kan gjerne brukast som rettside (einsfarga/gjennomfarga stoff har ikkje noko rette og vrange). Jerseyen har berre vertikale, tynne striper på rettsida, medan det har meirhorisontale, løkkeaktige riller på baksida, ein miniatyrversjon av ein klassisk, heimestrikka ullgenser.

Interlock vs. jersey del II (25/5-14):

I Norge brukar vi berre  å seie “interlock” og “jersey”, men eigentleg er “jersey” eit vidare namn på strikka stoff, som omfattar både interlock og jersey (utan at eg kan så veldig mykje meir om stoffstrikking enn dét…) Så i utlandet kan ein sjå at interlock kallast for “interlock jersey”, og det vi kallar for jersey for “single jersey”. Kanskje nokon som har gått og stussa på dette?

Elles er det lettare å forklare forskjellen på baksida ved hjelp av bilete i tillegg til berre ord:

Om vi ser litt nærare:


Ganske så likt på rettsida og vranga, ikkje sant? Legg også merke til at klippekanten ikkje rullar seg. Dette bidrar også til at det er lettare å sy i interlock enn jersey. Klikk på biletet for å forstørre det :-)

Her er baksida på jerseyen, nokon som kjenner den att frå ein av sine heimestrikka gensererar? :-)
og klippekanten, den rullar seg… Framsida er ikkje så allverdens ulik interlocken. Og for ordens skuld: I båe stoffa er stretchen (hovudsakeleg) sidevegs, og “trådretninga” nedover. (Men mange jersey stoff har mykje stretch i lengderetninga også).

Ha ein fin kveld, nokon som skal sjå Selfridge’s, kanskje? :-) (Det skal eg!)

2 kommentarer:

  1. Kjempefine bodyer! Og kjekt med litt stoffteori i tillegg:-)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...