23.03.2013

Scooter- Onion 2035

Hmmm, og eg som aldri har site på ein scooter… Men stoffet er så stilig at eg måtte sy meg ein topp med scooterar på likevel!

DSC_0123k copy

Mønsteret er Onion 2035. Då eg sydde kjole av mønsteret (Regnvêrskjolen), sydde eg i ein mellomting mellom S og M, og hadde blant anna ekstra vidde frå livet og ned (delt nedre bakstykke). Denne toppen er ein rein stsr. S som berre er kutta rett av litt over hoftene. Det byrjar å bli ei stund sidan eg sydde denne nå, men eg meiner eg hadde ermane litt vidare enn den smalaste varianten, ermane på Regnvêrskjolen blei nemleg for tronge. Som på Regnvêrskjolen har eg lagt til litt under bysta. Ja, så ein rein str. S var det vel ikkje likevel…

DSC_0120kb

(Det nederste biletet er litt overeksponert, fargane blir litt blasse…)

Det blir nok fleire Onion 2035-plagg!

Stoff: Bomullsjersey kjøpt på Stofstedet, Nord-Jylland (Stofstedet.dk).

7 kommentarer:

  1. Stilig genser! Jeg savner gode gensermønster, så kanskje jeg bør sy denne! Har jo dette mønsteret liggende. Takk for inspirasjon!

    SvarSlett
  2. Ja, dette mønsteret kan brukast til fleire typer plagg. Blir spennande å sjå kva du lagar, Manja!

    SvarSlett
  3. Flott genser, liker snittet og herlig stoff. Hvordan får du til å lage bilder med den tegneeffekten. Knallkult.
    Må sy noe til meg selv snart, kjenner jeg.
    Ellen :)

    SvarSlett
  4. Den prikkete jakka under her var bare knall stilig. Ser den for meg med svart jeans og svarte skoletter med hæl. Bruk den!
    Ellen :)

    SvarSlett
  5. Den ble veldig fin, og jeg ble veldig inspirert! Takk for det! :-)

    SvarSlett
  6. Tusen takk, Ellen og Dragemamma!
    Tegneeffekten: I korte trekk; fyrst har eg selektert bakgrunnen (alt utan om meg sjølv på biletet) ved hjelp av Quick selection tool og selection brush tool, og fylt denne bakgrunnen kvit. Deretter har eg invertert seleksjonen (select inverse) og kopiert meg sjølv over i eit nytt lag (layer via copy). I dette nye laget har eg selektert alt utanom plagget på samme måte som eg selekterte bakgrunnen, og valt "filter" og leita meg fram til eit passande filter.Eg likar effekten godt, fordi då kan ein ha ein modell med på biletet, sjølv om ikkje modellen til dømes ikkje har matchande bukse eller "modell-glatt" hud.

    SvarSlett
  7. Hi Annwer!

    Thank you for your words corncerning my Blog! I was very pleased about i! Maybe you like my style because i am Not German but Austrian:)?
    And the Little Boy of my Last Post isn't my son, he is my godson!

    Greetings from Austria ! Daxi

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...