04.12.2011

Sommarlege kjolar; tutorial på variantar av A-form-kjole

Desse to kjolane er sydde i relativt tynn jersey, perfekt for varme sommardagar. Men dei funkar sikkert også på litt kaldare dagar, med genser og strømpebukse under. Om du har lyst på nokre tips til korleis du kan variere eit enkelt kjolemønster, kan du lese meir i dette innlegget.

Nov2011 029Nov2011 030

Om mønstera:

Båe kjolane er basert på eit enklet A-form-mønster som har blitt delt i to horisontalt, og der den nedste delen/”skjørtedelen” har blitt gjort vidare enn originalmønsteret. Jerseykjolane har ikkje glidelås eller knepping nokon stad, i motsetnad til ullkjolane som er sydd av samme mønsteret: 
 DSC_0138

Skisse av mønster-utgangspunktet, halvt mønster som klippast mot brett/on a fold (skissa er berre ein illustrasjon, ikkje eit reelt, forminska mønster):

A_form

Slik er mønsteret omgjort:

I båe kjolane er det teikna inn eit berestykke, både framme og bak:

A_form med berestykke

Kjole 1 er enklast å lage. Etter at mønsteret er delt i to horisontalt, treng ein ikkje gjere fleire endringar i mønsteret. Ein lagar enkelt til ekstra breidde i skjørtedelen både framme og bak ved å leggje “midt framme”(eller ”midt bak”) på mønsterdelen eit stykke inne på det bretta stoffet før klipping:A_form med berestykke_auka breidde

A_form med berestykke_auka breidde_klippeDen ekstra breidda ein då får på stoffdelen, tar ein inn att i form av ein eller annan slags type legg (pleats), eller rynking (gathers), før ein monterer berestykke og skjørt saman.

 

Kjole 2 med tredelt skjørt (både framme og bak) har ei lett vifteform på midt-delen, for å gjere skjørtet litt vidare. Mønsteret er delt opp ved den blå linja:

A_form med berestykke_delt skjort vertikalt

Legg den halve midtdelen på eit nytt papir, rotér utover i øvre “midt framme-punkt” til så vid vifte du ønskjer.

A_form med berestykke_delt skjort vertikalt_rotert_

Teikn inn kurve oppe og nede, oransje strekar viser ferdig mønsterdel (halvt mønster, vel å merke)

A_form med berestykke_delt skjort vertikalt_rotert ferdig

I tillegg til sjølve mønsterendringane, er det sydd inn ei bretta remse ribb mellom berestykke og skjørt på dette skjørtet, a là biseband/tittekant. Denne ribben blei ikkje strekt nemneverdig under sying.

 

Stoff:

Alle fire jerseyar er frå Cetho Designs, ribb frå Stoff og Stil. Kjole 1 har ein liten bit vevd sommarfuglband festa innunder ribben, frå Leanne.no

6 kommentarer:

  1. Du vet at disse mønster/farge kombinasjonene passer ikke sammen i det hele tatt?

    SvarSlett
  2. Beklager, det visste eg ikkje. Om du viser til ein artikkel i eit vitskapeleg tidsskrift der det står, skal eg gjerne lese den :-)

    SvarSlett
  3. hohoho, må le av slike kommentarer :P
    Synnes det du lager er fin jeg..litt farger må man jo ha!

    SvarSlett
  4. Desverre ingen enkel oppskrift på sånt. Du er utrolig flink til å sy og lage mønster men du burde kanskje tone fargene litt ned ellers så risikerer du at ungene dine blir mobbet på grunn av rare klær når de blir litt eldre. Unnskyld at jeg blander meg i noe som jeg har ingen ting med!

    SvarSlett
  5. Einig med deg, Elise, usaklege kommentarar tar vi ikkje seriøst!

    Om folk oppriktig trur at barn kan bli mobba av å gå med nokon av kleda eg syr, skal eg ikkje nekte dei å fortelje meg det, det kan til og med hende at eg vil setje stor pris på det. Når det gjeld kva eg burde og ikkje burde, er eg nok einig med anonym II, at det har i grunnen folk ikkje noko med å gjere.

    SvarSlett
  6. Anne Kristin! Eg tykjer det er utrulig kult med alt mønsteret! Eg lika særleg godt kombinasjonen i den øvste kjolen :-)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...