Lite sying i vinter, men når vårsola kjem, og barna er tidleg i seng etter å ha brukt opp alle kreftene på trampolina, håpar eg på mykje lyst og overskot til å sy! Har i allefall byrja bra denne veka, synest eg, med fem t-skjorte-tunikaer heilt etter min stil. Og med mønstra stoff plukka ut av mottakaren, så då blei ho strålande fornøgd også :-)
Design/mønster: Eige. Men denne gongen har eg brukt grunnforma på t-skjorte til Inger Öberg som utgangspunkt.
-Det er ikkje sydd inn nokon stripe i sida, men bakstykket er breiare enn forstykket.
-Jenta hadde overvidde ca 59 cm, som etter tabellen svarar til str. 110/116. Plaggmålet i 110/116 er 67 cm, dvs. 8 cm rørslevidde (eller la oss nynorsk-kapitulere og kalle det “bevegelighetsvidde”, hehe). 8 cm bevegelighetsvidde vil seie at om ein står framom barnet og tar tak i overskytande stoff i kvar side samtidig, så får ein ein to cm brei fald mellom fingrane på kvar side. Eg synest det er litt lettare å sjå for seg bevegelighetsvidda ved å tenkje på denne måten…
-T-skjorta i str. 98/104 har overvidde 63 cm, passar betre med ønska bevegelighetsvidde på mitt plagg (4 cm). Eg sjekka at ermane i 98/104 ikkje blei for smale for jenta, og tok deretter utgangspunkt i str. 98/104 for vidare konstruksjon.
-Om ein brukar så smal overvidde, vil t-skjorta bli for trong over hoftene. Her er dette korrigert ved å skrå rett utover for å lage ein tunika.
-På lengda tok eg utgangspunkt i str. 116, og la til litt for å få meir tunikalengde. Ser i etterkant at grunnmønsteret er nokså kort, så på t-skjorta som bloggast etter dette innlegget har eg lagt til 5 cm på lengda.
Stoff: Diverse bomullsjersey. All ribb er frå Stoff og Stil.