Saftis med bloggen Skrekk og gru har utfordra meg til å sy “gutte-tights”, og eg har tatt utfordringa!Her er er resultatet:
Saftis har stått bak ein lokal “tights-trend” der ho bur. Eg på mi side, har uttrykt skepsis i starten, tights er då berre for jenter?? Då eg såg bileta av desse tights’ane, tenkte eg at OK, dei er jo ikkje såå tronge, men er det ikkje litt vel mykje pysj? Likevel har eg innsett at tronge bukser kanskje kunne ha noko for seg for gutar også, særleg då gutungen på 6 for ikkje så lenge sidan klaga på at velourbuksene var for vide. Og då Saftis utfordra meg her om dagen, måtte eg berre prøve.
Guten min er sjeldan glad for nye klede, og denne buksa ville han knapt sjå på. Eg sa at han var nøydt til å sykle ein tur med den for å prøve. Etter mykje fliring og tøys som fylgje av overstyrande mor, sykla vi av stad på ein lang tur. Og då eg spurte han til slutt om han ville at eg skulle sy fleire slike bukser, svarte han kort og greitt “ja.”
Saftis, behind the blog Skrekk og gru has challenged me to make “tights for boys”, as she has had good experience with such kind of garments, but I have been sceptical, afraid of dressing my boy in either girl’s wear or sleep wear. But I made a pair, and made the boy (he usually dislikes all kinds of new clothes) to wear it for a long bicycle trip. When asking him in the end of the trip if he wanted me to make more of these pants, he replied with a short “yes.”
Om buksa:
Eg nappa eit jerseystoff ut frå hylla etter utsjånad, det viste seg at dette stoffet var veldig tynt (bomullsjersey), men det fekk våge seg. Lomma er stryke på (vinyl transfer).
Mønsteret teikna eg utifrå livvidde+1cm, hoftevidde +1 cm. Eg har tatt sikte på ei beinvidde som er rundt eit par cm vidare enn barnets bein i knenivå (veldig sånn cirka). Buksa endte opp med å ikkje vere så veldig tight rundt leggen. Beinlengda lot eg gå ned til ankel-kul-området pluss 6 cm brei ribb i tillegg (måtte jo lage dei litt lange i beina, slik originalen til Saftis er :-).
Og resultatet: Eg er godt fornøgd, ikkje synest eg det lyser pysj-bukse av den heller! Og den er heilt sikkert veldig deileg å gå med. Så takk for utfordringa, Saftis!
The pattern is drawn using waist measurement+1 cm and hip measure+1cm. Leg width about a couple of cm more than the boy’s leg (very approximate). Length down to about the bump on the ancle, and then added 6 cm wide rib.
I am well satisfied with the result!
Stoff: Jydsk stoflager