Konseptet går ut på at ein lagar mange remser av stoff, som pakkast rundt ein boks av eitt eller anna slag, i dette tilfellet den minste “Skubb”-boksen frå IKEA. Remsene faldast annankvar omkring boksen, lag på lag, og kvart lag har ei eller annan form for lukking som barnet kan leike seg med.
Eg fann fram det eg hadde av “lukke-dingsar” i sysakene mine, og sette i gang. Vil du vere med på ein tur gjennom boksen, så heng deg på! (Trykk på bileta for å gjere dei større.)
Om syinga:
Storleiken på remsene er laga på slump, med breidde frå nokre millimeter til ein centimeter eller to breiare enn boksen, dei smalaste innerst. (Men kvar remse har nokonlunde konstant breidde) Lengdene på dei er også ulike.
Fyrst sydde eg stoffet saman til ei pølse, pressa, men lukka ikkje remsa i endande. Alle remsene, med unntak av to, blei deretter kutta over omtrent på midten, fordi eg tenkte at det ville bli for tykt under boksen om alle remsene var heile. Før montering, la eg ei heil remse ned, og deretter halve remser annankvar, vinkelrett på kvarandre slik bileta under viser. Nåla og sydde. Eg fordelte remsene på to kryss, som eg sydde saman til eitt tykt eit (det var også så mange lag at det blei litt for tykt å sy alt i ein operasjon).
Etter at krysset var laga, sette eg boksen i. Så jobba eg meg lag for lag utover, ved fyrst å kutte remse-halvdelane til passe lengde, lukke dei i endane (bretta inn og sydde over) og deretter sette på den type lukking som måtte passe. Eg festa boksen til dei to innerste laga med nokre sting til slutt (ikkje med på bileta).