14.12.2011
Aktivitetsboks for ein treåring
Konseptet går ut på at ein lagar mange remser av stoff, som pakkast rundt ein boks av eitt eller anna slag, i dette tilfellet den minste “Skubb”-boksen frå IKEA. Remsene faldast annankvar omkring boksen, lag på lag, og kvart lag har ei eller annan form for lukking som barnet kan leike seg med.
Eg fann fram det eg hadde av “lukke-dingsar” i sysakene mine, og sette i gang. Vil du vere med på ein tur gjennom boksen, så heng deg på! (Trykk på bileta for å gjere dei større.)
Om syinga:
Storleiken på remsene er laga på slump, med breidde frå nokre millimeter til ein centimeter eller to breiare enn boksen, dei smalaste innerst. (Men kvar remse har nokonlunde konstant breidde) Lengdene på dei er også ulike.
Fyrst sydde eg stoffet saman til ei pølse, pressa, men lukka ikkje remsa i endande. Alle remsene, med unntak av to, blei deretter kutta over omtrent på midten, fordi eg tenkte at det ville bli for tykt under boksen om alle remsene var heile. Før montering, la eg ei heil remse ned, og deretter halve remser annankvar, vinkelrett på kvarandre slik bileta under viser. Nåla og sydde. Eg fordelte remsene på to kryss, som eg sydde saman til eitt tykt eit (det var også så mange lag at det blei litt for tykt å sy alt i ein operasjon).
Etter at krysset var laga, sette eg boksen i. Så jobba eg meg lag for lag utover, ved fyrst å kutte remse-halvdelane til passe lengde, lukke dei i endane (bretta inn og sydde over) og deretter sette på den type lukking som måtte passe. Eg festa boksen til dei to innerste laga med nokre sting til slutt (ikkje med på bileta).
13.12.2011
Bukse montert med tape
Ikkje berre tape, altså, men eg har brukt tape i staden for knappenåler før sying :-). Mest for å teste ut ein ny sy-greie kjøpt på Ebay, nemleg “Wonder tape”: Dobbeltsidig tape som forsvinn i vask!. Ein rull med 9 meter kosta oppunder 50 kr inkl. frakt frå USA.
Tipset til tapen fekk eg på ein eller annan strikkeblogg då eg surfa etter tips om glidelåssying. Tapen gjer det lettvint å sy glidelås med fint resultat, ein berre tapar glidelåsen på slik at den ligg støtt under påsying. Veldig greitt! For å teste ut litt meir, kanta eg monstertruck-interlock-stoffet med Coverproen før eg tapa den svarte remsa på nabo-velourstoffet, og sydde saman (vrange mot rette). Ganske tungvinn måte å sy bukse på, fann eg ut.
Buksa er fora med lett ribb med ull.
Mønster:
Teikna med utgangspunkt i “trouser foundation”, str. 6 år. Buksa blei sydd for ei stund sidan, før eg fann ut at eg likar “slack foundation” mykje betre. Denne buksa her blei for djup i skrittsaumen)
Stoff:
-Beige/sandfarga velour frå Stoff og Stil
-Sydilla.no sin interlock med monstertruck
-Blå lett ribb frå Stoff og Stil
-Kanta med svart interlock frå Cetho Designs
-Stripete ribb kjøpt i Danmark
04.12.2011
Sommarlege kjolar; tutorial på variantar av A-form-kjole
Desse to kjolane er sydde i relativt tynn jersey, perfekt for varme sommardagar. Men dei funkar sikkert også på litt kaldare dagar, med genser og strømpebukse under. Om du har lyst på nokre tips til korleis du kan variere eit enkelt kjolemønster, kan du lese meir i dette innlegget.
Om mønstera:
Båe kjolane er basert på eit enklet A-form-mønster som har blitt delt i to horisontalt, og der den nedste delen/”skjørtedelen” har blitt gjort vidare enn originalmønsteret. Jerseykjolane har ikkje glidelås eller knepping nokon stad, i motsetnad til ullkjolane som er sydd av samme mønsteret:
Skisse av mønster-utgangspunktet, halvt mønster som klippast mot brett/on a fold (skissa er berre ein illustrasjon, ikkje eit reelt, forminska mønster):
Slik er mønsteret omgjort:
I båe kjolane er det teikna inn eit berestykke, både framme og bak:
Kjole 1 er enklast å lage. Etter at mønsteret er delt i to horisontalt, treng ein ikkje gjere fleire endringar i mønsteret. Ein lagar enkelt til ekstra breidde i skjørtedelen både framme og bak ved å leggje “midt framme”(eller ”midt bak”) på mønsterdelen eit stykke inne på det bretta stoffet før klipping:
Den ekstra breidda ein då får på stoffdelen, tar ein inn att i form av ein eller annan slags type legg (pleats), eller rynking (gathers), før ein monterer berestykke og skjørt saman.
Kjole 2 med tredelt skjørt (både framme og bak) har ei lett vifteform på midt-delen, for å gjere skjørtet litt vidare. Mønsteret er delt opp ved den blå linja:
Legg den halve midtdelen på eit nytt papir, rotér utover i øvre “midt framme-punkt” til så vid vifte du ønskjer.
Teikn inn kurve oppe og nede, oransje strekar viser ferdig mønsterdel (halvt mønster, vel å merke)
I tillegg til sjølve mønsterendringane, er det sydd inn ei bretta remse ribb mellom berestykke og skjørt på dette skjørtet, a là biseband/tittekant. Denne ribben blei ikkje strekt nemneverdig under sying.
Stoff:
Alle fire jerseyar er frå Cetho Designs, ribb frå Stoff og Stil. Kjole 1 har ein liten bit vevd sommarfuglband festa innunder ribben, frå Leanne.no
03.12.2011
Singlettar og singlett-tunikaer
Kanskje ikkje rette årstida for å bruke singlettar nå, men ein kan uansett sy dei nå, medan ein gler seg til neste sommar. Og tunikaene kan jo brukast utanpå ein genser medan ein ventar på varmare tider!
Om mønsteret:
Teikna med hjelp frå Aldrich si bok, teikna med tanke på interlock, som tøyer seg i breidda og føyer seg etter kroppen. Plagga blir fleksible i storleikane, og eg har derfor slått saman 3 og 4 år, og 5 og 6 år. Tunikaene er samme mønster, men skrådd utover.
Stoff:
-Ulike interlock-stoff frå Cetho Designs (pinnsvin, ugler, køyretøy, bokstavar og “Busbollar”) og Stoff og Stil (bilar på beige bakgrunn)
-Ribb frå Stoff og Stil
29.11.2011
Sjå, ein spekkhoggar!
Spekkhoggarar er populære her i huset. Og spekkhoggarar er takknemlege å teikne, for dei har reine linjer og store flater med jevn farge (om ein kan kalle svart og kvit for farge…). Så eg kasta meg ut i det, og laga ei bukse med spekkhoggar-applikasjon!
Om mønsteret:
Eg har prøvd ein del variantar av trouser-draft både etter Armstrong og Aldrich, utan å bli heilt fornøgd. Denne gongen har eg samanlikna dei to frofattarane sine bukser, og endte opp med ei bukse som liknar mest på Armstrong sin “slack foundation” hjå Armstrong, men eg har blant anna brukt mål frå boka til Aldrich. Og eg synest resultatet blei bra.
Om spekkhoggaren:
Google “killer whale”, og du får plenty av spekkhoggar-bilete. Eg fann eit eg likte, putta det inn i fotoredigerings-programmet vårt (paint.net) og skalerte opp til passande storleik. Printa ut, la vliesofix oppå og teikna rundt. Eg tenkte at det kanskje ville bli litt klumpete med fleire lag oppå kvarandre, så eg klipte svart stoff berre der kvalen er svart og kvitt stoff berre der han er kvit. Det skjøna eg etterpå at var utan poeng estetisk sett, og skapte berre unødvendig mykje arbeid. Så om det blir ein neste spekkhoggar, skal eg klippe heile kvalen i svart, og så skal eg leggje dei kvite felta oppå det svarte.
Stoff:
-Mørkeraud stretch-cord frå Stoff og Stil (eg prøvar å overtyde gutungen på snart fem om at gutar også kan gå i raude bukser, men det er førebels svært usikkert om eg lykkast)
-Ribb i livet frå Hilco (3,5 cm breitt strikk inni)
-Svart og kvit velour frå Stoff og Stil
-Stikningar i oransje dongeritråd frå Stoff og Stil (sydd med broderinål frå Stoff og Stil…)
Variantar av samme buksemønster
Om mønsteret:
Desse buksene er laga etter posemønster laga etter metode i Armstrong si bok. Utgangspunktet er eit vanleg "joggebuksemønster" (eigentleg "trouser"-grunnmønster) som er gjort om til posebuksemønster ved å splitte det opp i sida, og lagt til nokre centimeter (ca 5-6 cm) i sida, illustrert med den gule stripa. I tillegg er det tatt bort litt på mønsteret tilsvarande dei blå felta. Dei blå felta tar bort 1"/2,5 cm øvst på innerbein-saumen. (Skissa er frå dette innlegget):
Sky-buksa og den lilla buksa: Desse buksene er posebukser (i motsetning til stjernebuksa, sjå lenger nede). Mønsteret på skissa over fungerer greitt til tynne stoff som babycord, men blir litt for posete øverst med tykkare stoff. Derfor er desse to buksene smalna inn øverst og gradvis vidare jo lenger ned ein kjem. Ein kan sjølvsagt klippe opp mønsteret til to delar, men eg synest det faktisk er enklare og raskare å klippe det i eitt, og så heller smalne inn i etterkant. Denne innsmalninga gjer eg ved å brette stoffet (rette mot rette) slik skissa under viser, og så sy langs den raude linja. Den raude linja byrjar ca 2,5 cm inne på stoffet, dvs. at det totalt forsvinn ca 5 cm øvst.
Då eg klipte stjernebuksa på biletet over, ville eg ha den meir som ei joggebukse enn posebukse, men det var berre posebuksemønsteret eg hadde tilgjengeleg. Så eg reverserte mønsterendringane ved å brette til mønsterpapiret tilsvarande om en hadde kutta ut den oransje stripa, og klipte litt grunnare skrittboge. Ingen sidesaum.
Om ribb-monteringa i buksebeina:
Buksebeina blei rynka ein del saman med gjennomsiktig strikk før ribben blei sydd på (resten av rynkinga stod ribben for sjølv). Meir om denne typen rynking her.
Stoff:
-Raud/kvite velourar frå Cetho Designs,
-turkis ribb frå Stoff og Stil (eller var det Stof2000?)
-Lilla velourar frå Stofstedet.dk (mogleg den einsfarga kjem frå Malika og Rosa…)
-Grå ribb frå Stoff og Stil
Innlegget er revidert 19.08.12
26.11.2011
Ullkjolar for kaldare dagar
Veka før jolemarknaden fann eg ut at eg skulle sy jentekjolar av raud ullfilt eg hadde liggande, og då eg reiste til Stoff og Stil for å kjøpe glidelåsar, kome eg like så godt heim med endå meir ullfilt. Til saman sju kjolar blei det. Pynta på litt ulike vis, men sjølve kjolane er sydd på samme måte, rette mot vrange. Litt liknande ei kåpe eg sydde for eit par år sidan (eit stykke nede i dette innlegget).
Kjole 1, Vågsbygd-kjole, str. 7 år (selt): Med tema frå Vågsbygd, deriblant kyrkja (bak til venstre på kjolen).
Kjole 2, str. 6 år: Med ein løgleg pippip på…
Kjole 3, str. 6 år, for den som er glad i hest… (selt)
Kjole 4, str. 6 år, den hjartevarme:
Hjartet er sydd med vanleg symaskin, men sikksakk-breidda er justert manuelt i midten av hjartet.
Detalj frå nakken på kjolen:
Og detaljbilete av glidelås-“renna”:
Kjole 5, str. 4 år; mjauuu!
Kjole 6, str. 3 år, titt hei, pus!
Kjole 7, str. 2 år; Bææææ! (Selt)
Om mønsteret:
Teikna med utgangspunkt i grunnmønster, teikna med med hjelp frå Aldrich si bok. Kjolane går i utgangspunktet til like under knea.
Om monteringa av kjolane:
Kjolane er i skuldersaumane og sidene sydd saman rette mot vrange, for å unngå tykke saumar. Éin cm saummonn blei lagt til på bakstykket, men ikkje på framstykket. Sidan ullfilten er eit strikka stoff, vil det ikkje frynse seg opp når ein har rå klippekantar. Glidelåsen er sydd på bakstykket heilt i starten, og splitten blei klipt opp etter (eigentleg mot slutten av) påsyinga av glidelåsen. Kantinga er gjort i kantebandsapparat på Coverproen. Alle kjolane er kanta med ribb (Stoff og Stil) rund hals og armar, og der eg hadde interlock i samme farge, har eg brukt dét nedst.
Om pynten med garn:
Strek-teikningane er gjort med det som i fylgje sy-leksikonet heiter “splitta kontursting”, sydd på for hand. Fyrst har eg tråkla teikninga med store sting med vanleg sytråd, deretter sydd med garn, på dei fleste kjolane brukte eg ullgarn.
Stoff og tilbehør:
-Raud ullfilt frå ein nå nedlagt butikk. Lilla og plommefarga ullfilt frå Stoff og Stil.
-Diverse ribb frå Stoff og Stil og interlock frå Cetho Designs.
-Fugl: Brent oransje velour, trykt bomull og oransje ribb (til nebb) frå Stoff og Stil. Anorakksnor frå Stoff og Stil.
-Hjarte: Lilla babycord og grønn, trykt bomull, båe frå Stoff og Stil, så vidt eg kan hugse.
-Knappar i nakken: KAM
-Glidelåsar frå Stoff og Stil.