22.07.2016

Ei blomstereng av ein 17. mai-kjole (Mange bilete)

Minstejenta fekk ny kjole til 17.mai. Eg fekk lyst til å sy noko av dette stoffet eg kjøpte på stoffbutikken i Videbæk på Danmarksturen i fjor, og eg er veldig godt fornøgd med resultatet.

Bak:

Rynking på skukldrane, ikkje godt synleg:

Nederst:
Underskjørtet er kanta med rullefald på overlocken.

In action:

Patchwork à la Annwes

Framme:

Bak:

I mai fylte niesa vår 8 år, og eg fekk lyst til å lage eit plagg med det lille ekstra. Det er ikkje så ofte eg lagar denne typen plagg lenger, det var mykje meir av det dei fyrste åra eg sydde.

Å lage eit slikt skjørt tar litt tid, men det er ikkje vanskeleg i det heile tatt. Og etter at eg fekk limspray, går det mykje fortare enn i “gamle dagar”, då eg bruka vliesofix. Etter nærbiletet, kan du sjå korleis eg monterte skjørtet.

Skjølve mønsteret er veldig enkelt, eg har brukt mønsteret frå Öberg si bok, men laga midjen litt lågare framme enn bak. Sydde sidesaumen, deretter på med ribben, med merkelappen i samme saumen.

Deretter var det berre å kose seg; klippe ut lappar, spraye på lim, klasje lappen på. Sy rundt til slutt, med riveinnlegg bak (hmm, eg kan ikkje finne riveinnlegg hjå Stoff og Stil når eg leitar nå... Kom gjerne med innspel på kva ein kan bruke i staden for.) Nokon av lappane er av jersey, dei har eg stort sett sydd med rettsaum (draget på desse saumane mtp rakning reknar eg som ubetydeleg). Lappane av stumt stoff er sydd på med sikksakk.

Deretter motsette sidesaum og til slutt linning i livet. Oups, den kom bak fram, men då puttar vi berre på ein knapp. Mykje enklare å leggje til noko enn å fjerne noko.

Minecraft-bukse i verdas deilegaste buksestoff

Minecraft ligg høgt i kurs her i huset. Og å treffe rett med dekoren på buksa er viktig, i allefall når det gjeld ting som betyr noko for eldstegut (Vinyl-dekorasjon av Beyblade nokre få månader etter at alle på skulen hadde stua bort Beyblade-utstyret, var ikkje kult…)

Dekorasjonen er laga i Silhouette Studio ved hjelp av eit bilete eg fann på nett, traca ytterkonturen så eg fekk ei strekteikning, laga deretter dei andre linjene på ein svært tungvinn måte før eg etterpå fann ein enklare måte. Men då var tålmodet selvfølgeleg slutt, så det blir nok ei stund til neste figur.

Buksa er sydd av det deilegaste isoli-stoffet eg veit om (“collegegenser-stoff”). God stretch, noko som isoli tradisjonelt sett ikkje har. I tillegg til flossa bakside, har stoffet også litt fløyelsaktig framside, mjuuuukt å take på (går dessverre vekk etter nokre vask.) Eg har kjøpt stoffet i ulike fargar frå butikkar både i Norge og Danmark, men eg har berre kjøpt over disk på bl.a. symessa, der eg har kjent på stoffet før kjøp. Å kjenne på stoff i ein nettbutikk er som kjent  vanskeleg, men kvar gong eg er i ein fysisk stoffbutikk, leitar eg etter dette stoffet. Eg fann det, eller noko som liknar svært, i Danmark nå nettopp, så snart skal eg sjølv få meg ny bukse!

To babyteppe av jersey og strech-velour

Neeesten like i stoffutvalet; om du sit og kjedar deg, kan du leite etter det eine stoffmotivet som er forskjellig på dei to.

Fargerik framside, deileg og mjuk stretch-velour på baksida. Sydd til to vennefamiliar som fekk kvar sin gut i vår. Vi har eit slikt teppe i sofaen vår sjølv. Teppet blei sydd lenge etter at det var slutt på babytida vår, men teppet er kjært likevel, eg brukte det til å varme meg på seinast i går!

Hatt til svigermor

 

Ei i familien ønskte seg ein hatt til bursdagen. Det blei ein hatt etter mønster frå Burda (nr 7685), i babycordføyel frå Stoff og Stil (lilla var faktisk ein av fargane ho sjølv ønskte, og ikkje berre noko lilla-gale meg fann på Smile). Kuppelen på hatten (hattepull, ser eg Wikipedia kallar det…) er i eitt lag stoff. I bremmen er det eitt lag av det tykkaste, vaskbare strykeinnlegget Stoff og Stil hadde. Det er meg sjølv som er modell. Hatten er for stor til meg, og ser nok litt annleis ut på mottakaren.

Gute-underbukser

Eg har sydd noko underbukser tidlegare, men etterkvart kjøpt truser fordi tidsbruken pr. truse er litt for høg. Men nå har eg sydd underbukser igjen, fordi mottakaren av desse synest at strikket i kjøpe-underbukser er for stramt. Eg fann mønsteret i Ottobre nr 1, 2013. Mønsteret er greitt, men eg har smalna det litt inn bak. Dessutan syr eg med dobbelt stoff i gylfen, eg synest å hugse at det var enkelt stoff i mønsteret. Og så brukar eg FOE (foldover elastic) i staden for kva nå eit strikk det eigentleg skal vere i mønsteret.

Her er prototypen (glimrande prosjekt for restestoff Smile):

Vårens og sommarens jersey-genserar

Vanlegvis likar eg best å sy plagg av fleire ulike stoff. Mest fordi eg er glad i å blande, det gjev større kreativt spelerom, og blir gjerne meir fargar. Det har nokre fine bieffektar å ha dette som stil; Eg kosar meg med å sy av restebitar, og det er også meir økonomisk fordi stoff med prikkar og striper (eller einsfarga) er billigare enn stoff med digital print.

Jo fleire delar som skal syast saman, jo meir tid tar det. Så om det er knapt med tid eller ork/inspirasjon, blir det samme stoff overalt. Nedanfor er ei t-skjorte minstejenta skulle ha med i ein bursdag. Mellomstejenta trong genserar og lika stoffet, så då blei det ein genser til henne i samme slengen.

Godt lika, tynn jerseybukse

Ein fordel med å vere seint ute med blogging av plagg eg har sydd (denne sydd i februar i år), er at eg samtidig kan rapportere om plagget har blitt brukt eller ei. Denne buksa har 7-åringen vår brukt mykje. Både ho og eldstemann på 9 er glade i tynne bukser sydd av singel-jersey. Dvs. slikt stoff ein vanlegvis syr t-skjorter av.

Modellen kan likne på ei pysj-bukse, derfor vinyl-dekoren på låret som eit forsøk på å gjere buksa til noko anna. Vinylen er kjøpt hjå Sydilla og styke på med to prikkar på stykejernet (om eg ikkje hugsar feil), men den har løsna litt i kantane. Eg har styke den på igjen, og den har løsna på nytt. Usikker på årsak, enten stryketeknikk, eller at stoffet er for tøyeleg. Evt. at vinylen ikkje er god nok. Eg har forresten ikkje brukt Silhouette-maskina. Det går så myyykje fortare å berre finne nokre restelappar og klippe på måfå for hand enn å skulle finne fram PC, program, teikne, finne fram maskin og kutte.

Ribb nederst på buksene har eg på alle jerseybukser, av fleire grunnar. Blant anna gir dette ein fleksibilitet på storleiken, ein kan lage buksebeina nokså lange utan at dei subbar ned i bakken, og dermed tar det lang tid før barnet veks ut av buksa. Dessutan er det eit tydeleg krav frå niåringen i huset om at buksebeina skal samlast nederst med ribb, for han likar å trekkje sokkane rundt buksebeina.

Om du vil lese meir om bakgrunnen for denne typen bukser, kan du sjå eit eldre innlegg på bloggen her. Om du har lyst til å prøve deg på MØNSTERTEIKNING av ei slik bukse, kan du sjå dette innlegget.

 

Her er ei bukse eg sydde i full fart  seinare i vår. Eg tenkte den blei litt vel mykje pysj, men jenta på 7 har lika den godt, og har ikkje klaga over at ho har fått kommentarar frå andre barn.

04.07.2016

Elefanten i rommet

Forrige innlegg var om jedikostymet som blei laga i samband med “karnevalsgudsteneste” februar i år. Morgonen etter, det vil seie søndag morgon, fann eg ut at eg skulle prøve å lage eit elefantkostyme, slik at mannen min også skulle ha noko kostyme på gudstenesta. Eit slags kostyme blei det, såpass vellykka at ein kunne skjøne at det var ein elefant, i allefall. Og mykje humring blei det i benkeradene rundt omkring!

Øyrene la seg litt bakover, så eg prøva å stive opp og jusetere litt seinare på dagen. Slik såg kostymet ut då eg var lei av å styre meir med det:

 

Når det gjeld framgangsmåte, kan eg kort fortelje at kostymet er bygd opp rundt ei slags indre “finlandshette” av stretch-jersey (frå Stoff og Stil, slik ein gjerne brukar til ribb-kantar). Det nokså laustsitjande blå stoffet er festa til denne indre hetta, slik at kostymet held seg nokonlunge på plass på hovudet.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...